Gå til forsiden av matoppskrift.no

Beskytta geografisk nemning til Villsau frå Norskekysten

Oppdatert: 06.12.2010 Publisert: 26.11.2010 Tema: Tradisjoner Forfatter: Fotograf: Mattilsynet




Villsau frå Norskekysten er godkjent som Beskytta geografisk nemning. No kan du vere trygg på at kjøttet du får, har den kvaliteten det lovar, og at produksjonen har skjedd på tradisjonelt vis.
- Ein kjøper ikkje villsau fordi ein er svolten, men fordi ein vil ha ei spesiell oppleving. Det seier Kåre Marøy frå Villsau frå Norskekysten PO. Som ein av initiativtakarane til vernemerkinga er han særs nøgd.

- Merket er ein garanti for at sauen faktisk har gått på heilårsbeite utan kraftfôr. Ein får det som står på pakken!
Den Beskytta geografiske nemninga inneber at alt som blir selt med nemninga Villsau frå Norskekysten, oppfyller visse krav. Dette kjøttet kjem frå gammalnorsk sau som har beitt i kystområde heile året og livnært seg på kystlyng. Sauen et òg tang og drikk sjøvatn, noko som gir kjøttet eit spesielt preg.

- Det er flott kjøtt med nydeleg smak, seier Arnt Harald Stange frå Stange gårdsprodukter. Han har selt villsau i over 15 år og skryter av smaken.
- Dyra lever jo av det dei finn i det karrige landskapet, og blir berre tilleggsfôra når det er heilt spesielle omstende. Kosthaldet kombinert med den salte vinden gjer kjøttet verkeleg spesielt.

Vikingsauen

Sauerasen og driftsforma har tradisjonar heilt tilbake til vikingtida, og dette blir teke vare på i dag, sjølv om det var fare på ferde ei stund. Gammalnorsk sau var den vanlege sauerasen i Noreg fram til slutten av 1800-talet, men då byrja importerte rasar å ta over. I 1960-åra klarte ei gruppe eldsjeler i Austevoll å redde villsauene som levde der, og det er Austevoll-sauene som dannar grunnlaget for all gammelnorsk sau i Noreg i dag.
No blir villsauen stadig meir populær, og Kåre Marøy seier at han er verdifull av fleire grunnar enn smaken. Villsauen beiter på område som elles ville vore overgrodde, og Naturvernforbundet i Rogaland har blant anna teke initiativ til å setje ut villsau for å sikre at utfartsstader er tilgjengelege og kulturminne trer tydelegare fram.

- Det var område som grodde igjen på øyane her i Hordaland, og det er jo ingen vits i å ha beiteområde som ligg brakk, fortel Marøy.
- Så no får vi utnytta ressursane samtidig som vi held ved lag ei gammal driftsform og tek vare på kulturlandskapet.

Viktig merkeordning

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk er blant entusiastane som har fått auga opp for villsauen, og som er glad for merkinga.

- Eg er sjølv medeigar i ein liten flokk heime i Ytre Namdal, stor nok til å sikre eigarane tilgang på lammekjøtt. Så eg lagar sjølv pinnekjøtt av villsau kvar haust. Eit slikt vern kan vere med og lyfte fram denne rasen, seier Brekk.
Beskytta nemningar er ei offentleg merkeordning som sikrar at norske matskattar får det vernet og den godkjenninga dei treng. I dag er det 18 produkt som har Beskytta nemning. Dette er viktig, seier Lars Peder Brekk.
- Forbrukarane får hjelp til å finne igjen produkt dei er nøgde med. Dei kan dessutan finne varer som er produserte på ein måte som dei ønskjer. Merkeordninga er òg med på å gi forbrukarane føreseieleg og dokumenterbar kvalitet.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2037


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!