Gå til forsiden av matoppskrift.no

Bygdø Kongsgård blir økologisk

Oppdatert: 05.06.2012 Publisert: 14.05.2012 Tema: Økologisk Forfatter: Fotograf: LMD




Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk markerte i dag (04.05.2012) at Bygdø Kongsgård leverte den første økologiske mjølka. Kongsgården kan nå forsyne 9000 oslo-borgarar med lokalprodusert økologisk mjølk.

Gårdsbestyrar på Bygdø Kongsgård, Jan Tore Sørsdal, ba Brekk ta med seg ei flaske økologisk mjølk direkte til Kongen. (Alle foto: Landbruks- og matdepartementet) Det var Brekk sin forgjengar som landbruks- og matminister, Terje Riis-Johansen, som utfordra Kongsgarden til å leggje om til økologisk drift. Prosessen starta i 2008, og jordbruksareala var ferdig omlagt hausten 2011. I dag kunne Kongsgården levere den første økologiske mjølka.

Auka sal av økologisk mat

- Dette er eitt av mange teikn på at forbrukerane for alvor tek til å få opp både augo og gane for den økologisk produserte maten, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. – Kvart år blir det nå handla økologiske matvarer for 1 milliard kroner. I fjor auka salet av økologiske matvarer med 10 prosent. Det er dobbelt så mykje som det generelle matsalet. Siste meldinga var frå Coop som har auka salet av økologisk frukt og bær med heile 76 prosent sidan februar i år. Mange er interesserte i, og viljuge til å legge litt ekstra i å få mat produsert i pakt med naturen, seier Brekk.

Les heile talen til landbruks- og matministeren

Bynært landbruk

- Det er unikt i verdssamanheng at ein hovudstad har eit moderne og levande landbruk midt i byen, slik Oslo har på Bygdøy, seier Lars Peder Brekk. - Her på Bygdøy kan folk oppleve og faktisk ta del i moderne, effektiv norsk landbruksdrift. Kongsgården tilbyr også Inn På Tunet tenester, og er såleis eit godt døme på kva for tenester landbruket i dag kan tilby storsamfunnet, seier Brekk.

Landbruks- og matministeren gir ros til Oslo kommune: - Oslo er ein føregangskommune både for det bynære landbruket og for økologisk produksjon. Sjølv om Oslo har lite landbruk, er det eit teikn at byen er det første fylket som når målet om at minst 15 prosent av maten skal vere økologisk. Eg vil gi Oslo kommune honnør for at dei så tydeleg tek signala i landbrukspolitikken. Kva for andre store byar i Norge kan seie det same? spør Brekk.

Med på dagens markering på Bygdø Kongsgård var også fylkesmann Valgjerd Svarstad Haugland, byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Ola Elvestuen og konsernsjef i Tine, Stein Øiom. Direktør Olav Aaraas ved Norsk Folkemuseum var vertskap.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2457


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!