Gå til forsiden av matoppskrift.no

Får meir til krydder i kvardagen

Oppdatert: 21.07.2013 Publisert: 16.07.2013 Tema: Produktnyheter Forfatter: Fotograf: Hanasand Gård og Gartneri




Eit gamalt og utdatert fjøs på Hanasand Gård og Gartneri skal byggast om til gardskafé og produksjonskjøkken. Til dette får garden 540 000 av Innovasjon Noreg.
I tillegg har garden motteke etablerertilskot på 134 000 til prosjektet. Bygget skal leigast ut til nyleg etablerte Hanasand Gård og Kjøkken.

Hanasand Gård og Gartneri driv tradisjonell gardsdrift med sau og tomatar på Rennesøy i Rogaland, cirka tre mil nord for Stavanger. Garden produserer jordbær, bringebær, chili, paprika og agurk, samt 13 typar tomat. Dei er også med i eit bringebærprosjekt som går ut på å nytte gamle veksthus til bærproduksjon.

Hanasand Gårdsutsalg vart etablert i 2009, og har omsett i hovudsak matprodukt og blomster som er dyrka og eigenprodusert. Kundane er primært lokalbefolkning og folk frå Stavanger-regionen. Dei kjem som bussgrupper eller som privatpersonar og vil handle lokalmat eller lokalproduserte blomar.

Krydder i kvardagen

I april i år vart Hanasand Gård og Kjøkken etablert som følgje av auka satsing på vidareforedling. Dette selskapet skal overta drifta av Hanasand Gårdsutsalg og selje vidareforedla produkt i eksterne salskanalar. Den felles visjonen for alle selskap tilknytt garden er «Vi skal vere krydderet i kvardagen din!»

- Hanasand Gårdsutsalg har allereie etablert ein god kundekrets, og har eit positivt omdøme i lokalsamfunnet. Garden har bygd kompetanse innan sitt område gjennom ei årrekkje, og dette kombinert med profesjonell drift og høg kvalitet på varene, har gitt gode resultat for eksisterande drift, seier Irene Holta Tjøstheim, landbruks- og miljøsjef i Rennesøy kommune, til Innovasjon Noreg.

Matminner frå regionen

Produkta dei vidareforedlar blir godt motteke av kundar, utsalsstadar og samarbeidspartarar som Bama, Avinor, og Region Stavanger. Tre av produkta til Hanasand er plukka ut til å vere matminne frå regionen i Avinors nye konseptet Ureist.

- Hanasand har mange ulike produkt, både eigenproduserte og andre, som dei sel i sin gardsbutikk. Produkta har vist seg å selje særs bra frå disken som er plassert ved Stavanger Lufthavn Sola, seier prosjektleiar frå Måltidets Hus Siv Støfringstøl.

Innovasjon Noreg støttar

Bygdenæring er eit prioritert område for Innovasjon Noreg Rogaland. Kombinasjonen av gardsturisme og servering av gardsmat med basis i lokale råvarer skal prioriterast. Prosjektet har i tillegg ein tredje dimensjon med vidareforedling av gardsmat som seljast i eksterne salskanalar. Hanasand Gård og Gartneri har fått innvilga 540 000 kroner i investeringstilskot.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2690


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!