Gå til forsiden av matoppskrift.no

Ikkje norske jordbær enno

Oppdatert: 01.06.2005 Publisert: 01.06.2005 Tema: Bær Forfatter:




Jordbærseljarar langs vegen er eit hyggjeleg sommarteikn, men ver merksam på at dei fleste bæra som blir selde no er importerte. Dei norske jordbæra kjem fyrst om to veker. Jordbærseljarar har plikt til å informere om produksjonsland på ein lett synleg måte.

Mattilsynet påviste nyleg både mangelfull og direkte villeiande merking av importerte jordbær ved fleire salsstader i Stavanger- og Sola området. Enkelte opplyste at bæra kom frå Sørlandet, men undersøkingar frå Mattilsynet viste at dei var importerte frå Belgia. På ein av salsstadene, var jordbæra pakka om til korger merka med "Norway".

Norske jordbær kjem i midten av juni
Det er relativt få norske jordbærdyrkarar som dyrkar i plasthus og som allereie har hatt jordbær for sal sidan ca. 17. mai. Sida det ikkje er så store mengder frå desse dyrkarane vil ikkje norske jordbær vere tilgjengelege for folk flest før ca. 15. juni.

- Sjølv om det har vore kaldt ver store delar av mai månad, har jordbærplantene utvikla seg som dei skal. Likevel vil bæra truleg vere litt forseinka, opplyser Arnfinn Nes, Planteforsk Apelsvoll avdeling Kise.

Dei fyrste dagane av den norske jordbærsesongen vil det vere forskjellige sortar på marknaden. Men etter få dagar vil dei norske Korona vere moden og klare for sal.

- "Korona" er den viktigaste sorten hos oss, og ingen kan måle seg med den når det gjeld god smak og aroma, meiner Arnfinn Nes.

Skal merkes med opphavsland
Dei som sel frukt, grønsaker og bær skal merke varene med varenamn/sort og opphav. Sortsnamn er berre eit krav for eple, pærer, plommer, kirsebær og jordbær. Opplysningane skal gis tydeleg på eit skilt i nærleiken av det aktuelle produktet, eller synast på emballasjen. Krav om merking gjeld også frukt eller grønsaker som blir selde frå enkle salsboder langs vegen.





Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:609


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!