Gå til forsiden av matoppskrift.no

Julemat og matallergi

Oppdatert: 17.12.2004 Publisert: 17.12.2004 Tema: Matallergi Forfatter: Fotograf: Bengt Wilson




Matallergiregisteret har sett ein tendens til ekstra mange meldingar om alvorlege allergiske reaksjonar på mat i førjulstida. Det er truleg tre forklaringar på dette - vi et meir av visse sortar mat i jula, vi et oftare i godt lag utanfor heimen, og det er tradisjonar for sterk drikke til maten.

Juletida er eit høgdepunkt – også med omsyn til matallergi. Dei siste vekene før jul og i jula får Matallergiregisteret gjerne fleire meldingar enn elles om alvorlege allergiske reaksjonar på mat. Dette heng saman med tre viktige risikofaktorar for alvorlege matallergiske reaksjonar – kva mat vi et, kvar vi et maten, og kva vi drikk til maten.

Noen få matsortar er årsak til ein stor del av dei sterke allergiske reaksjonane. Viktigast mellom desse er nøtter, både hasselnøtt, paranøtt og valnøtt, og dessutan peanøtt. Særleg er jula eit høgdepunkt når det gjeld konsum av paranøtt og valnøtt, som er dei to typane nøtter som er kjent for oftast å gje sterke allergireaksjonar. Hasselnøttallergi er i Noreg ofte eit resultat av kryssallergi, der den første, grunnleggande allergien er bjørkepollenallergi (”pollen-matallergisyndromet”). Reaksjonen mot hasselnøtt er da ofte ikkje så sterk, og kan først og fremst vere merkbar i munnen (”oralt allergisyndrom”).

Ikkje sjeldan er reaksjonen mot nøtter likevel sterkare med symptom frå hud og lunger, og hasselnøttallergien må absolutt takast alvorleg. Anna julemat kan og gi allergireaksjonar – reker og fisk er viktige allergen, og lateksallergikarar kan reagere mot fiken.
Matallergiregisteret har funne at det å ete andre stader enn i heimen er ein risikofaktor for å få ein alvorleg matallergisk reaksjon, anten ein et på restaurant eller gatekjøkken, i godt lag hos andre, eller på institusjon. Matallergikaren har då ikkje så god kontroll over kva som er i maten som heime, lar seg friste av ny og spennande mat, og er redd for å vere ”vanskeleg” eller vedgå eit problem. Dei som lagar maten veit ikkje om allergien, eller forstår ikkje alvoret i den.

Endeleg er alkohol noko som både gjer folk meir uforsiktige, og som direkte verkar til å løyse ut ein matallergireaksjon og å gjere den sterkare. Det same gjeld kalde drikkar, og fysisk aktivitet. Etter eit måltid der det kan ha vore allergen ho eller han ikkje tåler, bør matallergikaren vere forsiktig med å trø dansen!




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:475


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!