Gå til forsiden av matoppskrift.no

Lakseprotein kan bremse fedme

Oppdatert: 02.08.2011 Publisert: 08.07.2011 Tema: Fisk Forfatter: Fotograf: Freeimages.com




Forsøk med rotter tyder på at lakseprotein kan bidra til å redusere fedme, risiko for diabetes (type 2) og innhaldet av farlege feittstoff i blodet.
- Det er ikkje likegyldig kva type protein ein har i kosten. Visse typar protein kan ha langt større betydning for utvikling av fedme, høgt blodsukker og høgt innhald av feittstoffet triglyserid, tilstandar som kan føre til type 2-diabetes og hjarte-karsjukdomar, seier forskar ved NIFES, Bjørn Liaset.
Det er protein frå laks som no har vist seg å ha spesielt gunstige eigenskapar, ifølgje ny forsking frå NIFES, publisert i den prestisjetunge Journal of Biological Chemistry.

Mindre mage

Forskingsresultata bygger på diettforsøk med rotter. Rotter som var fôra med hydrolysert lakseprotein la på seg mindre enn rotter som fekk andre typar protein. At proteinet er hydrolysert, vil seie at det er brote ned i mindre bitar.
Det var særleg feittet rundt magen som vart redusert. Det er dette feittet som blir rekna som risikofaktor ved utvikling av både hjarte- og karsjukdom og diabetes type 2.
Lakseprotein i dietten førte vidare til ein reduksjon av triglyserid i blodet, noko som kan redusere faren for hjarte- og karsjukdom. I tillegg såg forskarane reduserte nivå av blodsukker og insulin ved inntak av lakseprotein. Diabetes type 2 er relatert nettopp til høg insulinproduksjon og høg blodglukose.

God gallesyre

Det er truleg bestemte aminosyrer i proteinet som gir lakseproteinet den gunstige verknaden.

- Det er høge nivå av aminosyrene taurin og glysin i lakseprotein, og truleg medverkar desse til auka innhald av gallesyrer i blodet. Og vi veit at meir gallesyrer i blodet kan bremse fedmeutvikling og redusere mengde triglyserid og glukose (blodsukker) i blodet, seier Liaset.
NIFES har tidlegare gjort liknande forsøk der rotter har blitt fôra med hydrolysert protein frå sei. Desse forsøka peika i same retning som forsøket med lakseprotein: Rottene som fekk fiskeprotein i dietten la på seg mindre.

Meir detaljert

- Denne gongen har vi gjort meir detaljerte undersøkingar og forklart fleire av mekanismane bak. Dermed har vi kome eit godt steg vidare i å finne ut korleis hydrolyserte fiskeprotein kan motverke fedme, seier Liaset.
Han understrekar at forskingsresultata ikkje utan vidare kan overførast til menneske. For å kunne konkludere med at dei same mekanismane er gjeldande i menneske, må det gjereast grundige humane forsøk.
Forskingsresultata har utspring i det femårige prosjektet DOCMAR (Dokumentasjon av marine ingrediensar frå biprodukt) der eitt av måla er å dokumentere nye eigenskapar og bruk av restråstoff frå fiske- og oppdrettsnæringa.
Prosjektet er finansiert av Innovasjon Norge, stiftelsen Rubin, NFR Dansk Strategisk Forskningsråd, Novo Nordisk Fonden og Carlsbergfondet. Universitetet i Bergen, Eckbos Legater og NFR har også gitt bidrag til prosjektet som er del av forskingsprogrammet ved Danish Obesity Research Centre.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2207


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!