Gå til forsiden av matoppskrift.no

Mager fisk gir omega-3

Oppdatert: 21.03.2012 Publisert: 18.02.2012 Tema: Fisk Forfatter: Fotograf: Synnøve Dreyer




Magre fiskeslag er ei undervurdert kjelde til omega-3, viser ein ny studie.
Laks, sild, makrell – feit fisk er frå før kjente kjelder til omega-3. Ein ny studie dokumenterer no at det også kan vere gode grunnar til å legge torsk og sei på tallerkenen.

- Vi tenkjer på fisk generelt som sunt. Men strengt tatt har vi ikkje så mykje dokumentasjon på at mager fisk er bra for helsa, seier forskar ved NIFES, Lisbeth Dahl.
Den nye studien, publisert i tidsskriftet Lipids, er dermed blant dei første kosthaldsundersøkingane som viser at også mager fisk kan tilføre oss DHA, ei av dei viktige omega 3-feittsyrene. DHA er særleg viktig for at hjerne og auge skal utvikle seg og fungere optimalt.
I forsøket fekk 30 friske vaksne menn og kvinner mellom 20 og 40 år eit måltid torsk, laks eller potet (kontroll) på 150 gram kvar dag i 14 dagar. Analysar av blodprøver etter forsøket viste ein vesentleg auke av DHA i blodet hos begge grupper. I tillegg vart innhaldet av feittstoffet triglyserid i blodet redusert i begge fiskegrupper.

- Undersøkinga viser at ein kan auke innhaldet av omega-3 feittsyra DHA i blodet ganske raskt ved å ete mager fisk. Men det viktigaste er framleis å ete variert, og få i seg både feit og mager fisk, seier Dahl.
Studien er gjennomført ved Senter for kontrollerte koststudier ved Høgskolen i Oslo og Akershus i samarbeid med NIFES og Folkehelseinstituttet. Denne delen av studien er en del av doktorgradsprosjektet til Vibeke Telle-Hansen i samarbeid med Akershus Universitets sykehus og Universitetet i Oslo.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2406


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!