Gå til forsiden av matoppskrift.no

Mat og aktivitet er viktig på biltur

Oppdatert: 05.07.2012 Publisert: 20.07.2009 Tema: Turmat Forfatter: Fotograf: Freeimages.com




Regelmessig eting og rikeleg med pausar i kjøringa der ein er fysisk aktiv er viktig dersom du skal på lange bilturar i sommar.
Ein freistande nistepakke som du pakkar i kjølebag er eit godt utgangspunkt for ein lang biltur. Rikeleg med kald drikke er også viktig for å halde hovudet kaldt og kroppen i gjenge. Rast ofte nok, og ta god tid til å nyte maten.

Forslag til mat på bilturen:

  • Godt grovt brød i tjukke skiver eller grove rundstykke/bagettar delt i to.
  • Eventuelt mjuk margarin som underlag for pålegg som til dømes skiver av kokt skinke, kalkun, ost, røykt laks, fiskekaker eller hardkokte egg og kaviar. Grilla kylling delt i bitar og potetsalat kan vere gode alternativ. Sandwich kan også vere ein god idé.
  • Grønsaker som agurk, tomatar, reddikar og paprika høyrer med, gjerne delt opp i skiver.
  • Frukt som eple, pærer, bananar og druer. Melon, kiwi eller ananas i bitar er også godt på tur, og kan skjærast opp og oppbevarast i boks i kjølebagen.
  • Frisk salat kan du ta med i ein plastboks. Matyoghurt eller dressing på flaske kan blandast i like før salaten skal etast, så held den seg sprø og frisk.
  • Rikeleg med vatn og termosar med kokande vatn, teposar og pulverkaffi.
  • Fyller du ei flaske med vatten ein tredjedels full og legg ho i frysaren over natta, og fyller den heilt opp om morgonen, har du kaldt vatten heile neste dag.

Rør på kroppen

På lange bilturar sit ein ofte litt ubehageleg, og vert stiv i kroppen. Det er difor viktig å stoppe ofte for å strekke på føtene og få blodomlaupet i gang. Ta med badminton, ein frisbee, ein ball, hoppetau eller anna utstyr som kan brukast til leik og aktivitet på rasteplassen.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:1666


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!