Gå til forsiden av matoppskrift.no

Meir om genmodifisert mat (GMO)

Oppdatert: 16.09.2012 Publisert: 28.08.2012 Tema: Mathelse Forfatter: Fotograf: Freeimages.com




Genmodifisert mat inneheld dei same byggjesteinane som annan mat, men den genmodifiserte maten består av, inneheld eller er framstilt ved hjelp av plantar, dyr eller bakteriar som har fått endra arveeigenskapane sine ved hjelp av genteknologi
Ein maisplante kan ha fått tilført eit gen som gjer han motstandsdyktig mot insektangrep. Både sjølve maisen, maismjøl og cornflakes som er laga av mais frå denne planten, blir rekna som genmodifisert mat i samsvar med regelverket både i Noreg og EU.
Soya var ein av de første genmodifiserte matplantane som blei godkjende i EU. Mange matvarer inneheld produkt frå soyabønner – til dømes brød, kjeks, majones, supper, dressingar, potetchips, sausar, sjokolade, iskrem, barnemat, margarin, godteri og soyasaus. Ein annan viktig genmodifisert matplante som EU har godkjent, er mais.

Fagleg ueinigheit

Fagfolk, politikarar og myndigheiter er ueinige om fordelar, ulemper og moglege farar ved å produsere og ete genmodifisert mat. Somme meiner at genmodifisering kan gi eit meir effektivt og mindre skadeleg landbruk med større avlingar og auka matproduksjon. Andre fryktar at endringar i arvematerialet hos dyr, plantar og bakteriar kan føre til skadar på miljø og helse. Bruk av genteknologi i produksjon av mat reiser også fleire etiske spørsmål.

Merking

Norske forbrukarar skal vite kva maten dei et, inneheld, og korleis han er framstilt. Eventuelle genmodifiserte matprodukt – og fôrvarer – som blir godkjende og kjem ut på den norske marknaden, må difor vere merkte i samsvar med regelverk under matlova.

Alle typar genmodifiserte næringsmiddel og ingrediensar i næringsmiddel skal ha merking som viser at dei er genmodifiserte. Det viktigaste unntaket er næringsmiddel som har eit utilsikta eller teknisk uunngåeleg innhald av genmodifisert materiale på under 0,9 %. Eit så lågt innhald er vurdert til ikkje å representere nokon helsefare. Alle næringsmiddel som inneheld meir enn 0,9 % genmodifisert materiale, skal merkjast.

Tilsyn

Mattilsynet har utvikla eit system for å føre tilsyn med genmodifisert mat, og kontrollerer årleg mat-, fôr- og såvarer for innhald av fleire genmodifiserte plantar. Meir om resultata frå desse kontrollane kan du lese om på nettsidene til Mattilsynet, under Genmodifisering og tilsyn. Det er ein føresetnad at ein skal kunne etterprøve genmodifiseringa gjennom å analysere sluttproduktet og ved å kontrollere dokumentasjonen som følgjer med varepartiet

Aktuelle linker:

Bioteknologinemda - Genmodifiserte planter og mat
Mattilsynet regelverk
Veterinærinstituttet temasider om GMO





Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2516


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!