Gå til forsiden av matoppskrift.no

Meir om merking av mat

Oppdatert: 07.06.2015 Publisert: 02.06.2015 Tema: Forfatter: Fotograf: Wenche Hoel-Knai Kilder: Mattilsynet




For at du som forbrukar skal kunne velje mellom ulike næringsmiddel på marknaden, finst det detaljerte reglar for korleis mat og drikke skal merkjast, for eksempel med ingrediensliste, vekt og haldbarheit.

Merkinga skal gi forbrukarane høve til

  • å kunne foreta velgrunna valg.
    Merking skal gjere det lettare å samanlikne dei ulike produktane. Forbrukaren kan samanlikne vekta på ulike produkt. I ingredienslista skal det stå kva for ingrediensar produktet inneheld. I dei fleste tilfella skal det gå fram av emballasjen kor mykje av ein karaktergivande ingrediens eller kategori av ingrediensar, for eksempel kjøtt i ei kjøttpølse som er brukt.
  • å unngå ting ein ikkje toler.
    Ingredienslista skal gi nødvendige opplysningar om kva produktet inneheld. Dette er for eksempel viktig for dei som er allergiske eller overfølsame.
  • å unngå gammal mat.
    Dei fleste næringsmiddel skal merkjast med ”Best før + dato” og opplysningar om korleis matvara skal lagrast. Mat som fort blir skjemd, skal merkjast med ”Siste bruksdag”.
  • å vite kven du skal kontakte.
    Alle næringsmiddel skal merkjast med namn og adresse til den som har anten framstilt, pakka eller forhandla vara. I visse tilfelle skal næringsmiddel merkjast med opphavsland.

    Kvar vender du deg dersom du har spørsmål?

    Dersom du har spørsmål om merking av næringsmiddel, skal du først vende deg til butikken der du kjøpte vara.
    Du kan også ta direkte kontakt med produsenten. Det skal alltid vere ført opp ei adresse på emballasjen.

    Dersom du har mistanke om at merkinga er feil eller villeiande, kan du kontakte Mattilsynet på telefon 22 40 00 00

    Fler ressurser.

    Slik skal merkinga forståast
    Kva er vara laga av?
    Vekt og volum
    Korleis skal maten oppbevarast?
    Haldbarheitsdato
    Allergimerking





    Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


    Intern:2992


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!