Gå til forsiden av matoppskrift.no

Noregsmeister i kjøtprodukt 2014

Oppdatert: 28.05.2014 Publisert: 27.05.2014 Tema: Kjøtt Forfatter: Fotograf: LMD




Noregsmeistrane i NM i kjøtprodukt 2014 er kåra. Om lag 500 produkt var i år påmelde til NM i kjøtprodukt, med spesielt fokus på grillprodukt. Rekordmånge norskproduserte pølser var med i konkurransen i år, heile 193 ulike pølser.
Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal delte 22. mai ut prisen til beste grillprodukt.

- NM i kjøtprodukt er viktig for både kjøtbedriftane sine tilsette og for forbrukar, innkjøpar og media som kan leggje ekstra merke til kva produkt og bedriftar som gjer det bra, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal.
Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal delte 22. mai ut prisen for beste grillprodukt.

Noregsmeistrane som ble kåra er:

  • Grill: Coop W Middelhavsmarinerte Lammekoteletter frå Fatland Ølen AS
  • Spekekjøt: Gilde St Kristina ekstra langtidsmodnet spekeskinke frå Nortura SA
  • Pølse: Coop W Bratwurst urøkt frå Fatland Sandefjord AS
  • Spekepølse: Straumpølse frå Inderøy Slakteri AS
  • Beste grillprodukt 2014: Middelshavsmarinerte lammekoteletter frå Fatland Ølen.

Sjå heile resultatlista på eiga nettsted

Ei rekke bedrifter deltok i årets NM i Kjøttprodukt: A/S Sætersdalen, Annis Pølsemakeri, Arne Børresen, A. Strøm-Larsen, Bjerke Spekemat & Delikatesse, Brødr. Ringstad, Bønes Gårdsmat, DalPro Gårdsmat, Den Stolte Hane, Fatland Sandefjord, Fatland Ølen, Finsbråten, Grilstad, Grilstad Storkjøkken, Gunnar Ruud Catering, Gårdsand, H. Mydland, Hadeland Viltslakteri, Helgeroa Spekevarer, Hognamat, Hole kjøtt, Inderøy Slakteri, Ingebrigtsen kjøtt, Jens Eide, Kløverkjøtt, Kuraas, Leiv Vidar Slakterforretning, MENY, Metervare, Myra Gård, Nordfjord Kjøtt, Nortura, Orkla Foods Norge, Orkla Foods Norge, avd Vossafår, Per's Kjøkken, Rørosrein, Sangnæspølsa, Skjåkmat, Smedstuen Gård, Sørlandskjøtt, Tind Spekevarer, Toten Kjøtt, Unil, Østli Pølsemakeri, Ådne Espeland og Åkeberg-Skoglunn Pølsemakeri.

Det ble og arrangert skulemeisterskap i pølse i forbindelse med NM i kjøtprodukt. Dei vidaregåande skulane som deltok var Greveskogen, Storhamar, Stranda, Time, Åssiden, Godalen og Strinda. Skulane deltok med ei pølse kvar.

NM i kjøtprodukt

NM i kjøtprodukt 2014 er eit arrangement som i 20 år har gjennomført vurdering og smakstesting av kjøtprodukt som er tilgjengelege for forbrukarane enten i butikk, eller hjå restaurantar og andre storkjøkken. NM arrangerast i regi av Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF). Uavhengige fagdommarar gir ein viktig peikepinn på råvare, utsjåande, lukt, smak og konsistens.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2908


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!