Gå til forsiden av matoppskrift.no

Økologisk mat og produksjon

Oppdatert: 21.05.2014 Publisert: 07.05.2014 Tema: Økologisk Forfatter: Fotograf: Mona Olsrød/Fylkesmannen i Vestfold




For fyrste gong i Noreg er det gjort ei samla vurdering av kunnskap om økologisk mat og produksjon. Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) har samanlikna økologisk og konvensjonell mat og produksjon, og korleis dei verkar inn på helsa til både mennesker, dyr og plantar.
Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet sett på korleis økologisk mat og produksjon virke inn på helsa til både menneske, dyr og planter.

Ny og betre oversikt

VKM har samanlikna effektar av økologisk og konvensjonell produksjon på plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd og folkehelse. Rapporten handlar ikkje om vurderingar knytt til berekraft eller miljøeffektar av produksjonsmetodane.
Mattilsynet vil bruke rapporten til å gi forbrukarane betre informasjon, rettleie næringa og som grunnlag for arbeid med nasjonalt og internasjonalt regelverk.
Rapporten viser også på kva områder ein manglar kunnskap eller kunnskapsgrunnlaget er svakt.

Mangfald og høve til fritt val

- Det er nyttig med ei slik kunnskapssamanstilling. Forbrukarane har ulike motiv for å velje økologisk. Mangfald og høve for forbrukarane til å fritt å velje den maten dei ønskjer å kjøpe er viktig for denne regjeringa. Mange ønskjer økologiske matvarer, og matvareforretningane melder om auka etterspurnad. Denne marknaden kan med fordel bli dekt av norskproduserte varer, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet.

Meir om kunnskapsoppsummeringan av økologi hjå Mattilsynet




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2896


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!