Gå til forsiden av matoppskrift.no

Slik dyrkar du eigne jordbær

Oppdatert: 08.06.2012 Publisert: 14.05.2012 Tema: Sommer Forfatter: Fotograf: Bioforsk, sxc.hu




Ønskjer du å imponere med jordbær frå eigen hage i sommar? Da er det på tide å sette seg inn i korleis du dyrkar bæra. Jordbær er ikkje bare godt – det er sunt og! Friske jordbær inneheld mykje fenolar, som er kjent som effektive antioksidantar. I tillegg er jordbær kalorifattige og inneheld jern og kalsium, samt mykje C-vitamin og noko A- vitamin.

Viktig med friske planter

Jordbærplantene vert som oftast øksla med stiklingar, men det finst også nokre nye sortar som spirer frå frø. Det er viktig å vera sikker på at plantene der stiklingane vert tekne er friske. Det er særleg viktig at plantene er utan jordbærmidd og jorda fri for nematodar. Jordbærplanter som får veksa fritt utviklar utløparplanter som vil rota seg nær morplantene. Slike rota småplanter kan flyttast og plantast på nye felt. Stiklingane må ha fått minst eitt fullt utvikla blad før dei vert skorne, og første veka etter stikking må dei dekkast tett med plast for å hindra at dei tørkar ut og for å sikra god rotutvikling.

Dersom stiklingane vert stukne i pluggbrett, vil dei nye plantene vera klare for planting etter knapt tre veker. Då har dei fått eigne røter, og det er viktig at dei vert planta med det same slik at dei ikkje stoppar i utviklinga. Dersom dei vert ståande for lenge i pluggbretta, vil veksten av rota stogga, og det vil ta lang tid å utvikla ei god og godt forgreina rot. Det er viktig å sikra plantene gode vilkår etter planting og hindra åtak av soppar og skadedyr.

Jordbærfeltet før planting

Jordbærplantene konkurrerer dårleg med ugraset, og det er difor viktig at alle arter av rotugras vert rydda bort før planting. Jordbærfeltet bør elles vera godt grøfta. Jordbærplantene har middels næringskrav, og gjødslinga må tilpassast både etter kva jord som dominerer i feltet og kva som var dyrka der året før. Det bør nyttast klorfri gjødsel til dei fleste hagebruksvekstar – også jordbær. Det beste er å ta jordprøvar for analyse hausten før så ein veit litt om næringsinnhaldet, men det er vanleg å gje fullgjødsel som tilsvarer om lag 8 kg nitrogen pr dekar. Det kan vera lurt å planta jordbæra på låge drillar.

Det sikrar betre vekst og kan gje tørrare forhold med mindre rotning av bæra. For å letta arbeidet med ugras, kan jorda dekkast med plast eller andre dekkemiddel. Planting på plastdekka drillar med svart plast gjev særleg første året varmare jord, betre vekst i plantene og tidlegare modne bær.

Plantetid og planting

Planter som vert tekne opp frå eldre felt kan plantast tidleg om våren eller om hausten. Planter som står i pluggbrett eller potter, kan plantast heile sommaren, og det er viktig å få plantene ut i åkeren straks dei har fått ei godt utvikla rot. Det er særs viktig å planta jordbær høveleg djupt. Dei skal plasserast litt djupare enn dei har stått tidlegare.

Pluggplanter og potta planter skal plantast så djupt at pluggen eller potta så vidt vert dekte av jord. Når jordbærplanta vert planta for djupt slik at krona kjem under jorda, vil planta mistrivast og det tek lang tid før veksten kjem skikkeleg i gang att.

Jordbærfeltet etter planting

Når jordbærfeltet vert planta om våren eller tidleg på sommaren, vil plantene straks veksa vidare. Det vil og ugraset, og det er viktig å halda ugraset unna og plantene friske. Det kan vera aktuelt å gjera tiltak mot soppar og skadedyr for å sikra god utvikling av plantene. Store og friske planter vil gje sørst avling året etter. God og jamn vasstilgang er særleg viktig utover sommaren, men frå midt i august, kan litt tørke vera positivt for avlinga året etter.

Korte dagar på den tida stimulerer plantene til å danna blomeanlegg. Dersom dei i tillegg er litt tørre og gjerne har litt lite næring, vil det gje fleire blomar og bær året etterpå. Når denne perioden er over – frå først i september – er det viktig å gje plantene gode vekstvilkår att. Ein varm september er alltid positivt for jordbæravlinga året etter. Dekking med klimafolie frå midt i september, kan såleis vera med på å auka avlinga neste år. Dekket kan gjerne liggja på heile vinteren for å sikra plantene mot frostskade.

Jordbærfeltet om våren

Dersom ein ønskjer tidleg avling, kan klimafoilet liggja på plantene utover til plantene tek til å bløma. Då må det fjernast for å sleppa til insekta og sikra god pollinering. Slik dekking kan gje modne bær om lag ei veke tidlegare. Men både avlings- og bærstorleiken vert til vanleg litt mindre. Om våren må ein kontrollera plantene for fleire arter av skadedyr som kan redusera avlinga betydeleg. Veksthusspinnmidden trivst særleg godt når plantene er dekka og det er godt og varmt. Middbestanden kan auka svært fort i slikt vær. Jordbærsnutebilla er eit skadeinsekt som kan redusera avlinga sterkt.

Når plantene nærmar seg bløming, legg jordbærsnutebillene egga sine i blomterknoppane. Deretter bit dei av stilken slik at blomane fell av plantene. Avbitne blomeknoppar er tydeleg teikn på åtak. Desse skadedyra er vanskeleg å halda unna utan bruk av kjemiske middel, men dei gjer sjeldan total skade. I regnvær vil blomane verta smitta av soppar som det alltid finst smitte av. Dersom det skal nyttast kjemiske middel, må blomane dekkast med middel fleire gonger gjennom blømingsperioden. Kampen mot ugraset må alltid haldast oppe, og dekking av jorda mellom plantene med t.d. halm, reduserer utviklinga av ugraset og sikra reine bær. Jordbærfeltet må også gjødslast tidleg om våren og minst eit par gonger seinare utover sommaren. God vasstilgang er viktig i heile perioden frå bløming til slutten av hausteperioden. Det gjev store og gode bær.

Hausting, kjøling og lagring

Jordbærplantene blømer og bæra modnar over ein lang periode. For å sikra god og jamn kvalitet, må feltet haustast minst to gonger for veka - i varme periodar helst annankvar dag. Jordbærsesongen varer om lag fem veker, men ved å dyrka både litt tidlege og seine sortar, kan vi hausta jordbær i minst åtte veker. Ved bruk av tiltak som dekking, dyrking i tunnel eller bruk av produksjonsklare planter, kan sesongen gjerne vera endå lenger.

Jordbærsortane som trivst godt hjå oss har dårleg lagringsevne. For å sikra best mogeleg kvalitet på bæra, må dei handsamast varsamt. Det er særs viktig å kjøla bæra straks etter hausting og halda temperaturen nede på om lag fem grader heile tida frå åkeren og fram til forbrukarane. Når bæra skal serverast, bør dei derimot helst ha romtemperatur for at dei skal smaka godt.

Utvikling av betre sortar

Det er mange krav som vert stilte til ein jordbærsort. Jordbær skal for det første smaka godt. Det er det viktigaste for oss. Men dei skal også vera fine å sjå på slik at vi får lyst på dei. Vi vert stadig meir bevisste på bruk av kjemiske middel. For å redusera bruken av dei, bør plantene difor vera sterke mot viktige skadegjerarar. For å ha friske bær i ein lang sesong, skal sortane også ha ulik modningstid. Det føregår mykje arbeid i store deler av verda med å laga nye og betre sortar. Det vert såleis kvart år prøvd mange nye sortar, men det er heller langt imellom dei nye, gode sortane.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2458


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!