Gå til forsiden av matoppskrift.no

Sukker hindrar sunn effekt av omega 3

Oppdatert: 31.07.2011 Publisert: 08.07.2011 Tema: Mathelse Forfatter:




Fiskeolje er sunt og kan bidra til å redusere fedme. Men sukker i kosten kan redusere effekten.
Ei skei tran om morgonen eller ein liten pille. Så eit glas juice og ei skive med brunost: Ein vanleg måte å starte dagen på – men ein dårleg start dersom det er den fedmereduserande effekten av fiskeolje ein er ute etter. Det viser nye forskingsresultat frå NIFES.
Desse resultata, basert på dyreforsøk, tyder også på at sukker hindrar fiskeoljen si evne til å redusere feittstoff i blodet.

- Når du har sukker i dietten, oppfører omega 3 seg som kva feittsyre som helst. Sett på spissen: For effekten sin del kan du like gjerne ta ei skei smør som ei skei tran, seier forskar Lise Madsen.

Protein betre

Forsøk på mus viste at dei som fekk sukker i kombinasjon med fiskeolje la på seg i vesentleg grad. Dette var ikkje tilfelle for mus som vart fôra med fiskeolje i kombinasjon med protein. Dess meir protein det var i dietten, dess meir effekt hadde fiskeoljen.

-Tidlegare studiar på rotter og mus har vist at fiskeolje, som inneheld sunne feittsyrer som omega 3, kan bremse utviklinga av fedme. Det vi no har vist, er at denne effekten blir oppheva dersom ein har sukker i dietten, seier Madsen.
Så langt tyder resultata på at det er det samtidige inntaket av sukker og fiskeolje som er uheldig.
Forskarane understrekar at omega 3 uansett har fleire positive effektar på helse, i tillegg til den fedmereduserande effekten.
Tidlegare har forsking ved NIFES vist at sukker i kombinasjon med ulike feittkjelder fører til fedme.

Høg glykemisk indeks

I dei nye forsøka ha forskarane sett på korleis ulike karbohydrat, deriblant sukker, verkar i kombinasjon med fiskeolje.

-Vi såg at sukker førte til fedme. Og dess meir protein det var i dietten, dess betre effekt hadde fiskeoljen, seier Madsen.
Karbohydrat aukar insulinnivået, og dess høgare såkalla glykemisk indeks karbohydrata har, dess høgare blir insulinnivået i blodet. Insulin spelar ei sentral rolle i lagringa av energi i kroppen, hovudsakleg som feitt.
Forsøka som er gjort ved NIFES er del av eit større forskingsprosjekt på fiskeolje og fedmereduksjon der instituttet samarbeider med Universitetet i København, Universitetet i Bergen og Beijing Genomic Institute.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2205


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!