Gå til forsiden av matoppskrift.no

Til deg som vil vege meir

Oppdatert: 25.02.2009 Publisert: 25.02.2009 Tema: Mathelse Forfatter: Fotograf: Knut Pettersen




Det kan vere like vanskeleg å leggje på seg nokre kilo som å slanke dei bort. Ynskjer du å auke vekta di, er det viktig å ta tida til hjelp. Det er ynskjeleg at vektauka kjem i form av auka muskelmasse og ikkje berre i form av feitt. Ein sunn og sikker måte å gå opp i vekt på, er å ete regelmessige måltider, velje sunne matvarer og trene regelmessig.

Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer undervekt som Body Mass Index (BMI) mindre enn 18,5. Den blir rekna ut som vekta dividert med kvadratet av høgda (BMI=kg/m²).

Her er nokre råd for deg som ynskjer å gå opp i vekt:

Et regelmessige måltider som frukost, lunsj, middag og kveldsmat dagleg. Planlegg måltida og ikkje hopp over eit måltid. Du må gjerne ete nokre mindre mellommåltid i løpet av dagen.

Auk feittinntaket noko, fortrinnsvis i form av einumetta eller fleirumetta feitt. Gode kjelder er olje, mjuk margarin, feit fisk, majones, majonespålegg, avokado, nøtter og frø. Feitt aukar energiinnhaldet i maten utan at volumet aukar så mykje.

Bruk mjuk margarin på brødet.

Strø nøtter og frø på salaten, ha det i gryteretten. Bruk olje- eller majonesbasert dressing på salaten og grønsakene.

Bruk avokado som pålegg og i salatar. Inkluder gode proteinkjelder som reinskåre kjøtt, kylling/kalkun og fisk av alle slag, egg og meieriprodukt i måltida.

Drikk gjerne vatn mellom måltida, men ikkje så mye i samband med måltidet. Bruk heller juice eller mjølk til maten, det gjev ekstra kaloriar.

Unngå snacks, godteri og brus/saft, dei inneheld mykje sukker og ugunstig feitt, men lite vitaminar og mineralar. Om dette ikkje hjelp, prøv å ete litt meir til kvart måltid og/eller et fleire mellommåltider.

Tren regelmessig og gjerne styrketrening.

Hugs elles at dei generelle kostråda for eit sunt kosthald gjeld også for deg som vil opp i vekt:

  • Et minst tre porsjonar grønsaker og to porsjonar frukt dagleg.
  • Vel kokte eller bakte poteter framfor chips og pommes frites.
  • Et grove korn- og brødvarer.
  • Et meir fisk – både som pålegg og middag.
  • Vel magre kjøtt- og meieriprodukt.
  • Vel mjuk vegetabilsk margarin eller olje framfor hard margarin eller smør.
  • Kutt ned på inntaket av sukker, særlig i form av brus og godteri.
  • Vær varsam med salt.
  • Vatn er den beste tørstedrikk.
Det er viktig å hugse på at me er skapt forskjellig. For nokon er det naturlig å være tynn, utan at dei risikerer å bli sjuke av det.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:881


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!