Gå til forsiden av matoppskrift.no

Tips for å redusere saltinntaket

Oppdatert: 20.01.2006 Publisert: 20.01.2006 Tema: Kostråd Forfatter: Fotograf: matportalen




Det vi i daglegtale kallar salt består blant anna av mineralet natrium som kroppen treng for å regulere væskebalansen. Likevel kan eit for høgt inntak av natrium vere skadeleg.
Saltinntaket ligg langt over tilrådd dagleg inntak i heile Vest-Europa. I gjennomsnitt får vi nordmenn i oss ca. ti gram salt dagleg. Norske ernæringsstyresmakter tilrår berre eit samla inntak på rundt fem gram salt, og for barn bør det vere enda mindre. Fem gram salt tilsvarer ei snau teskei.
Over halvparten av saltet nordmenn et kjem frå matvarer som industrien har arbeidd vidare med . Matstyresmaktene i Noreg har derfor tilrådd matvareindustrien å redusere saltinnhaldet i matvarer som er arbeidd vidare med.

Skadeverknader

Eit høgt saltinntak kan føre til eit for høgt inntak av natrium som er assosiert med auka blodtrykk. Høgt blodtrykk er ein viktig risikofaktor for hjerneslag og hjarte- og karsjukdomar. Ved sida av sukker, blir no høgt saltinntak rekna som ein av dei alvorlege ernæringsrelaterte truslane mot folkehelsa.
Dei som fyrst og fremst bør redusere saltinntaket er dei som har høgt blodtrykk eller har/har hatt hjarte- og karsjukdomar. Om lag 400.000 nordmenn blir behandla i dag av for høgt blodtrykk.

Korleis veit du om maten du et inneheld mykje salt?

Opplysningar om næringsinnhald på dei fleste matvarer inneheld informasjon om kor mykje salt eller natrium det er i vara. Dersom innhaldet er gitt opp i natrium (Na) kan du rekne ut mengda salt i maten ved å gonge mengd natrium med 2,5. (1 gram salt er tilnærma lik 0,4 gram natrium)
Det kan likevel vere vanskeleg å finne ut nøyaktig kor mykje salt du faktisk et pr dag. Retningslinjene nedanfor er henta frå matstyresmaktene i Storbritannia, Food Standard Agency, og kan gi ein viss peikepinn på om du et mat med høgt saltinnhald.

Dette er MYKJE salt
1,25 g salt eller meir pr 100 g (0,5 g natrium eller meir pr 100 g)

Dette er LITE salt
0,25 g salt eller mindre pr 100 g (0,1 g natrium eller mindre pr 100 g)

Tips for å redusere saltinntaket:

  • Lag maten sjølv. Då kan du sjølv fastsetje saltmengda som blir tilsett. Bruk minst mogeleg salt. Bruk anna kryddar i staden, for eksempel urter eller litt pepar.
  • Forsøk å velje produkt som inneheld lite natrium. Samanlikn merkinga når du kjøper mat som for eksempel ost, pølser, knekkebrød, frukostblandingar, sausar, supper og hermetikk.
  • Gi barn frukt eller bitar med rå grønsaker som alternativ til kjeks og snacks som kan innehalde relativt mykje salt.
  • Spis mindre salthaldig pålegg som for eksempel salt pølse, bacon, røykelaks.





Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:747


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!