Gå til forsiden av matoppskrift.no

Unge vaksne oftast ramma av matallergi

Oppdatert: 16.04.2005 Publisert: 16.04.2005 Tema: Matallergi Forfatter: Fotograf: Knut Pettersen, Frukt.no




Etter snautt fire års virke har det kome inn nærmare 400 meldingar om alvorlege allergiske reaksjonar til Matallergiregisteret. Folkehelseinstituttet er overraska over at unge vaksne toppar statistikken.

Statistikken viser nemleg at det er unge menneske i byrjinga av tjueåra til midten av trettiåra som oftast blir ramma av alvorlege allergiske reaksjonar på mat.
- Vi ser ein topp hos unge vaksne av begge kjønn, med nokre fleire registrerte tilfelle hos kvinner. Dette er heilt nytt for oss, seier Martinus Løvik ved Folkehelseinstituttet.

Skjer på byen

For denne gruppa skjer vanlegvis ikkje reaksjonane når dei er heime. Dei hender når det er andre som har laga maten, anten på restaurant eller i private tilstellingar.
- Reaksjonane begynner å skje når ungdomen ikkje lenger er under mor sine venger. Denne gruppa et mykje ute, gjerne i kombinasjon med alkohol som kan forsterke matallergiske reaksjonar. Mange unge tør dessutan kanskje ikkje å seie frå om allergien sin, og i sosiale lag blir mange meir uvørdne, trur Løvik.

Kvinner blir oftast ramma

Matallergi ser også ut til å ramme kvinner oftare enn menn. 60 prosent av tilfella rapportert til Matallergiregisteret er kvinner. Dei to siste åra har tala vore stabile.
- Det er ikkje godt å seie kvifor det er slik. Det kan vere at kvinner er meir utsette og at vi ikkje har vore klare over dette tidlegare. Tala er så store no at det er lite truleg at dette kjem av tilfeldig variasjon. Og det er vanskeleg å tenkje seg at kvinner skal vere flinkare enn menn til å rapportere om så alvorleg sjukdom som dette. Alle hamnar på legevakt eller sjukehus likevel, seier Løvik.

Barn er kanskje underrepresentert i statistikken.
< - Det er overraskande få meldingar om barn. Kanskje reaksjonane deira ikkje er alvorlege så ofte, undrar Løvik. Eller det kan vere at barnelegane ikkje er like flinke til å melde som vaksenlegane.

Nøtter er årsak til flest reaksjonar

Hasselnøtt og peanøtt er årsak til flest reaksjonar. Selleri og reker følgjer deretter.
- Selleriallergikarar får ofte reaksjonar på grunn av kryssallergiar. Men selleri er kanskje eit viktigare matallergen enn vi har trudd, seier Løvik.
Talet på meldingar til registeret har auka for kvart år.

- Auken reflekterer truleg at rapporteringa til registeret stadig blir betre og ikkje at det blir fleire og fleire allergikarar, trur Løvik. Han meiner at dei fyldige tilbakemeldingane til legane med kommentarar og laboratorieanalyser gjer sitt til at fleire legar melder reaksjonar.
Løvik trur at mellom ein tredjedel og ein femtedel av alle alvorlege allergiske reaksjonar på mat blir melde til registeret.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:570


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!