Gå til forsiden av matoppskrift.no

Urter til pryd og nytte

Oppdatert: 29.07.2010 Publisert: 24.07.2010 Tema: Urter Forfatter: Fotograf: Gunhild Børtnes, Bioforsk Øst Apelsvoll




Mange planteartar som krydder, te og medisinalvekster er vakre prydplanter i hagen og kan brukast som pynt på serveringsfat og på kaker. Eksempel på dette er ringblomst, agurkurt, blomkarse, tagetes, stemorsblomst og roser. Les om fleire interessante artar her.

Solbærsalvie

Solbærsalvie (Salvia grahamii ) er ein av svært mange artar innan salvie. Den har små ovale grasgrøne blad og i løpe av juli august kjem raude små blomster. Den har god blomstring om hausten til frosten kjem. Blada luktar sterkt av solbær. Planten må formeirast vegetativt, er å få kjøpt i nokre staudegartneri i Norge.

Etasjeblomst (Monarda didyma )

Etasjeblomst (Monarda didyma ) kjem frå Nord-Amerika og er ein flott staude og mykje brukt som te og legeplante. Bioforsk har hatt fleire artar av Monarda i forsøk, men denne arten er mest aktuell. Ein kan kjøpa frø og laga planter, men det er stor variasjon i plantemateriale. Det er difor best å skaffa planter vegetativt av materiale frå ein staudeplanteskule. Det finst fleire Planteskular som leverar plantemateriale på postorde dersom ein leitar på internett. Plantene har ein lang blomstringsperiode.

Muskatsalvie (Salvia sclarea)

Muskatsalvie (Salvia sclarea) er ein toårig plante. Når den er etablert sår den seg lett. Planten kjem frå Syd-Europa, men er ein hardfør plante. Blada er bittert aromatiske og vart tidlegare nytta for å gi betre smak på vin som ein ikkje var nøgd med. Vinen fekk då ein smak av Muskatdrue, difor namnet. Den eteriske oljen minner om ambra. Den blir kalla salvieolje eller musatellolje og blir brukt i parfyme, kosmetikk og aromaterapi. Den tørka planten kan brukast i potpurrier og som eternell. Dette er og ein medisinplante, men vi har ikkje dyrking av den som medisinplante i Norge.
Planten er vakker og gjer seg godt som prydplante i hagen. Den blir ca. 90 cm høg. Den har lang blomstringsperiode, frå juni til langt ut på hausten.

Bukkehornskløver (Trigonella foenum-graecum)

Bukkehornskløver er ein eittårig belgplante som kan bli ca 1 m. Som ein ser av bilde er frøbelganelikna på bukkehorn. Foenum-graecum betyr gresk høy på latin, og planten er ein kjent forplante. På verdensbasis dyrkes planten i stor skala.
Planten er omtala som fangvekst og grøngjødslingsplante under danske tilhøve (Holmegård 1987), men er truleg lite aktuell for norske forhold til dette formålet. Frøa av planten er svært mykje brukt til medisinske føremål, mange kjenner den frå helsekpstbutikkane.
Men frøa blir også brukt som smakstilsetting, kanskje særleg i indisk mat der den er ein viktig del av karry. Både grekarar og romarar brukte planten som mat og medisin. Den blir til dømes brukt i norsk kvitost produsert på gardsmeieri på Hedmark med svært godt resultat (Pünter).
Før planten blir over 20 cm høge kan skudd og blad også brukast rå eller kokt. De næringsrike frøene kan brukes i salater. Før bruk bør frøene ristast og malast for å få fram smaken.
På godt drenert og gjerne leirholdig jord på gode vekseplassar er det mogeleg å dyrka denne planten også i Norge.




Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:1942


Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!