Gå til forsiden av matoppskrift.no
Alle oppskriftssøk Mer enn 35.500 stk.
Søk etter ingredienser Mer enn 12.000 stk

Info om Hotel Union

Generell info.

Ved å ynskje deg velkomen til Hotel Union, inviterar vi deg inn i eit av dei vakraste landskapa i verda. Plasseringa på Unescos Verdsarvliste er relativt ny, men den storslåtte naturen har i mange generasjonar vore eit attraktivt reisemål. Frå fjern og nær har gjester kome. Ikkje mest for å overnatte, men for å oppleve.

Oppleve naturen. Høyre lyden av fossebrus. Puste inn den klare, reine lufta. Sjå det vakre utsynet over Geirangerfjorden. Geirangerfjorden og fjella rundt gjev ei unik og fantastisk råme for opphaldet. I omgjevnader som dette kan tankane få flyte fritt. Samvær med naturen ladar opp kropp og sinn med ny energi. Vårt ynskje er at eit opphald hjå oss gir deg den gode stunda. Mange lengtar tilbake. Vi håpar du er ein av dei som kjem att. Gong etter gong.



Vår filosofi er å lage god, norsk mat av dei aller beste råvarene.

Vi brukar lokale og regionale matprodusentar av ettertrakta råvarer som kje og lam, laks, spekemat og ost. Frå gardane i lokalmiljøet får vi lefser, frukt og bær. Råvarene vert sette saman til spanande smakskombinasjonar og stadig nye oppskriftar. Kjøkenet på Union lagar helst maten frå grunnen av, og mange av oppskriftene har følgt hotellet i generasjonar.

Den populære Unionsbuffeen vert servert heile året. Hotel Union Geiranger har fleire restaurantar og barar. Felles for dei er atmosfæren, rike mattradisjonar og gode råvarer, servert med varme og omtanke. Den fantastiske fjordutsikta får du med som ein del av menyen.

Legg inn kommentar gjennom facebook

Karakter og besøk
Besøk: 1522.
Karakter er 3 poeng
Satt av 1 brukere.
Sett din karakter!
Velg fra 1 til 6.
1 2 3 4 5 6


NØKKEL FAKTA FOR
Hotel Union

HJEMMESIDE
Mailadresse
geiranger@hotel-union.no
Post adresse
Geiranger
Poststed
Geiranger
Fylke
Møre-og-Romsdal
Kategori
Vanlig rest
Underkategori
Hotellrestaurant
Type kjøkken
Norsk
Sist oppdatert dato
09.08.2010





Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.