Info om Heidal Ysteri

Generell info.

Besøk Heidal YsteriFjellbygda Heidal ligg øvst i Gudbrandsdalen ved porten til Jotunheimen.
Foredling av mjølkeråvarer, som ysting, har lang tradisjon i bygda. Diverre vart ysteriet lagt ned i 1995.
Men i 1999 blir tradisjonen ført vidare ved det nyetablerte Heidal Ysteri AS.

Osten blir laga etter gammal oppskrift frå Gudbrandsdalen.
Heidalsosten er ein viktig del av bygdas kulturarv, og dette smakfulle produktet blir ført vidare inn i eit nytt årtusen.

Ofte hadde kvar gard si spesielle treform og ost med sitt eige mønster. Heidal Ysteri lagar formost på gammalmåten. Osteformene er laga av ein lokal treskjærer, og osten blir stappa og pakka for hand.

Butikkutsalg
Vi har ostutsalg i butikken til Håndverkstunet ved sida av Ysteriet. Butikken er kjend for høg kvalitet på sine lokale håndverksprodukt. Fine gåver til bryllaup, bursdagar, hus og hytte. Møblar med utskjering og/eller rosemaling. Smijern, keramikk, sølvsmykker, dreia fat, vevnader, åklær, løpere, håndstrikka varer, lokale matvarer m.m.

Håndverkstunet huser keramiker, bunadssyerske og sølvsmed.

Ver vår gjest
Ysteriet ønskjer velkommen innom til orientering om produksjonen og historia om heidalsosten. Er det ein dag vi kokar, blir det varm myssmørsmak. Ellers er det ostesmak. Vi koker god gammaldags rømmegraut og kan servere grupper opp til 25 personar. Eller berre enkel kaffeservering. Må bestillast på førehand.

Heidal blir med rette kalla Noregs største levande museum! Her finn vi velstelte tømmerhus på kvar ein gard. Ein stor del av husa i blyda er frå før år 1900, og mange er opptømra på 1700-talet. Dei eldste husa i Heidal er frå 1500-talet. Ekstra fint og imponerande er det at storparten av dei gamle husa er svært godt vedlikehaldne og i dagleg bruk.

I Heidal har vi eit særprega kulturlandskap. Nede i dalbotnen glitrar og susar det frå det grågøne vatnet i elva Sjoa. På det fyrste naturlege platået oppe dalsida ligg gardrekkja med sine solbarka tømmerhus og høgare oppe i lia ligg mange av dei tidlegare husmannsplassane.
Øvst i bygda, ved Leirflaten, tek det av ein veg sørover mot Murudalen. Her kom det i gang bureising i mellomkrigstida. I tidlegare tider har det òg budd storfolk på Murudalen. På fleire av dei gamle sæterstulane i Heidal blir gamal tradisjon halde i hevd. Framleis finn vi budeier som er på sætra kvar sommar med ku og geit.

Husflid av ulike slag er attåtnæring for mange heidøler. Særleg er bygda kjent for sine mange gode treskjærarar. Den som tar seg ein tur inn i den vakre kyrkja vår, vil få oppleva den rike treskurdtradisjonen i fullt monn!

Mange tykkjer det er ei rik oppleving berre å reise gjennom Heidal. Vil du oppdage meir av bygdas særpreg, må du stoppe opp!

Legg inn kommentar gjennom facebook

Karakter og besøk
Besøk: 5149.
Karakter er 4 poeng
Satt av 2 brukere.
Sett din karakter!
Velg fra 1 til 6.
1 2 3 4 5 6


NØKKEL FAKTA FOR
Heidal Ysteri

HJEMMESIDE
Mailadresse
post@heidal-ysteri.no
Post adresse
Heidal Ysteri
Postnr
2676
Poststed
Heidal
Fylke
Oppland
Telefon
61234140
Kategori
Meieriprodukter
Underkategori
Lokalprodusent
Sist oppdatert dato
14.07.2012



Ansvarlig utgiver: © 2002- DatabaseSør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!