Info om Balholm AS

Generell info.

Besøk Balholm ASHistorikk
Balholm er det gamle namnet på Balestrand som ligg i Midtre Sogn. Dette er ein lun fjordregion, der frukttrea truleg har blomstra samanhengjande sidan tidleg mellomalder. I Sverresoga står det om "Aldinshaga" i Vik alt i 1180-åra (aldetre/ apal= epletre). Dette er den første skriftlege dokumentasjonen på fruktdyrking i landet.

Klimaet ved Sognefjorden er varmt nok til at aprikos, fersken og vindruer kan dyrkast på friland, berre 3 mil frå Jostedalsbreen sin evige is. Dette er kontrastane sin regionen!

Frukttradisjonen i Sogn er først og fremst representert med kommunane Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, og Lærdal Garden Stedje i Sogndal hadde i si tid den største frukthagen i norden. Eplesortar om "Kaupanger", "Fosseple" og "Fuhr" har sitt opphav i denne regionen. Frukt- og bærkonservering har også lange historiske røter, sterkast representert ved konservesverksemdene til Drægni og Lerum.

For den kommersielle fruktdyrkinga i Balestrand kom sokneprest H.U.Sverdrup (f.1813) til å spela ei sentral rolle. Han planta det første eksemplaret i landet av pæresorten Philip. Lokalsorten Porteple stammar også frå Balestrand. I 1870-åra hadde Sverdrup t.d. 46 pæresortar, 22 eplesortar og 15 plommesortar på Lunde prestegard. I dag er Arboretet på Lunde landskjendt først og fremst pga samlinga av tresortar frå varme himmelstrok, med landets største eksemplar av Apeskrekktre, ekte kastanje, valnøtt, sedertre osv. Arboretet er vel verdt ei vitjing!

Frå ca 1850 utvikla Balestrand seg til ein av dei viktigaste turiststadene på Vestlandet, og Kvikne's Hotel vart bygt opp til å bli ein legendarisk representant for sveitserstilen. Nasjonalromantikken sin lengt etter "det opphavelege" gjorde at det ville og dramatiske fjordlandskapet i Sogn (gml. norsk: sòg eller sug) vart oppdaga. Mange kjende kunstnarar fann inspirasjon i Balestrand og busette seg her med tidstypiske villaer i drakestil. Ved gamlevegen frå Holmen og utover langs fjorden ligg i dag Skandinavias største konsentrasjon av drakestilhus.

For hagebruksnæringa førte denne straumen av tilreisande til at bringebær og jordbær kunne dyrkast kommersielt og bli omsett til turistar og hotell. Balestrand vart såleis ein av dei første kommunane i landet med kommersiell bærdyrking. Kring 1900 kom også den første fruktpressa til bygda frå Frankfurt. Balestrands Saftpresseri var i drift fram til 1930-åra og produserte saft og "ægte naturvin". I 1957 vart Balestrand Fruktpakkelag etablert som eit produsenteigd mottaksanlegg for frukt og bær.

Vidareforedlinga starta opp att som ein del av P/L Balestrand Fruktlager i 1997 under namnet Balholm Safteri. I 2002 vart fruktpresseriet omdanna til Balholm Mosteri AS.

Økologi
Balholm Mosteri har hatt Debio-godkjenning frå 1999. Sidan oppstarten har vi hatt ei klar målsetjing om å utvikla den økologiske fruktproduksjonen i Sogn. Saman med Økoringen Vest, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Planteforsk avd Njøs har Balholm gjennom fleire år vore med på ei fagleg nivåheving av den økologisk fruktproduksjon som har hatt klare ringverknader til resten av landet. Alliansen mellom forsking, rettleiingsteneste, praktikarar og foredling ga konkrete resultat etter få år. Sogn er i dag den fruktregionen i landet som har flest økologisk godkjende fruktprodusentar.

Balholm Mosteri har som målsetjing at økologisk naturmost frå Sogn skal vera tilgjengeleg i daglegvarebutikkar over heile landet. Førebels er råvaretilgangen for liten til dette. Vi arbeider difor med å auka den økologiske fruktproduksjonen gjennom å få i stand kontraktdyrking.

Legg inn kommentar gjennom facebook

Karakter og besøk
Besøk: 5854.
Karakter er 4,3 poeng
Satt av 3 brukere.
Sett din karakter!
Velg fra 1 til 6.
1 2 3 4 5 6


NØKKEL FAKTA FOR
Balholm AS

HJEMMESIDE
Mailadresse
post@balholm.no
Post adresse
Villavegen 14
Postnr
6899
Poststed
Balestrand
Fylke
Sogn-og-Fjordane
Telefon
99499981
Kategori
Frukt/bær
Underkategori
Lokalprodusent
Sist oppdatert dato
13.07.2012



Ansvarlig utgiver: © 2002- DatabaseSør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!