Info om Kystvilt

Generell info.

Besøk KystviltKystvilt - ein smak frå norsk fauna
Garden og produksjonsbedrifta ligg på Furset i Ytre Fjaler. Heile distriktet rundt oss er uvanleg rikt på hjort. Garden ligg på sørsida av Vilnesfjorden som var ein attraktiv fjord under krigshandlingane i siste verdskrigen. Fleire synlege merke etter denne tida finst her. Distriktet har rike funn av gravhaugar frå vikingtida og i Korssund har vi ein steinkross frå Olav Trygvason si tid.

Jakt og fiske har lange tradisjonar i Sogn og Fjordane. Vårt mål er å bygge vidare på dette ved å bearbeide godt norsk viltkjøt.

Viltbestanden har auka eksplosivt i fylket dei siste 20 åra og krava til jeger og leverandør i takt med dette.

På garden Skogheim på Furset i Fjaler kommune starta vi for tre år sidan kontrollstasjon og mottak for handsaming og vidaresal av hjort. Viltet blir frakta til mottaket frå heile fylket.

Hjorten beitar i alt frå høgfjell til skog og utmark, også heilt nede ved kysten. På somme av øyane finn vi også vill hjort.

Kystvilt leverer til fleire av dei største restaurantane og butikkar i Oslo. Mat-interesserte vil ha god kvalitet, noko vi kan garantere. Den kjente kokken Bent Stiansen i Statholdergaarden i Oslo er ein av våre faste kundar. Hotell. Stiansen hadde i fjor som i år fleire rettar av vilt på menyen, med mellom anna hjortekjøt frå Kystvilt.

"Vi er glade for å bruke dei små leverandørane fordi dei får tak i ypperste kvalitet av ting som er vanskeleg å få tak i. Dei tar vare på lokalsamfunnet ved å videreføre tradisjonar. For meg er det viktig at det skapast eit næringsgrunnlag i lokalsamfunnet som kan videreførast til oss i byen."

Bent Stiansen, verdensmester i kokkekunst i 1993 og eier av Statholdergaarden restaurant i Oslo

Velkomne til bord og til gards!

Legg inn kommentar gjennom facebook

Karakter og besøk
Besøk: 4947.
Karakter er 3 poeng
Satt av 1 brukere.
Sett din karakter!
Velg fra 1 til 6.
1 2 3 4 5 6


NØKKEL FAKTA FOR
Kystvilt

HJEMMESIDE
Mailadresse
kystvilt@gmail.com
Post adresse
Furset
Poststed
Korssund
Fylke
Sogn-og-Fjordane
Telefon
57737796
Kategori
Kjøtt
Underkategori
Lokalprodusent
Sist oppdatert dato
13.07.2012



Ansvarlig utgiver: © 2002- DatabaseSør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!