Info om Hardinglam

Generell info.

Bilde fra HardinglamHARDINGLAM
gir det beste utgangspunktet for eit festmåltid. Sunne og friske lam rett frå fjellbeite er vårt ufråvikelege krav til råvarene. Det gir oss sunt, saftig og velsmakande kjøt. Lamma er spesielt utvalde med omsyn til jamn, god kjøttfylde og passeleg feittmengd. Sauebønder i Hardanger er stolte av å skapa kulturlandskap og biologisk mangfald ved verdas vakraste fjord.

HARDINGLAM er eit av høgdepunkta på matsetelen når hausten kjem og jula nærmar seg, anten ein vel tradisjonsmat, heilsteikte lammelår eller andre velsmakande rettar.
Lammekjøtet passar når gode vener treffest, og som helgemat når ein har tid og omtanke for både maten og gjestene.

Råvarene me nyttar er årslam med jamn, høg kvalitet. Me som lagar HARDINGLAM ynskjer at du som gjest skal vita at me legg vår ære i levera opphavssikra kvalitetsprodukt til kundane våre.
Lamma har frå vår til haust gått på friskt beite. Fyrst heime, der dei steller kulturlandskapet, og om sommaren på gode fjellbeite i Hardanger. Beiting med sau skapar miljøkvalitetar og eit fint landskapsbilete som mange kan gle seg over. Fleire og fleire likar tradisjonsrike smakar. Tradisjonsprodukta frå HARDINGLAM er salta og røykt på gamalt vis, slik dei har stelt med lammekjøtet i Hardanger i generasjonar. Kjøtet er røykt med orreflis. Forutan å konservera, gjev dette treslaget kjøtet den gode og milde røykesmaken.

Så ynskjer me berre kokken lukke til !
Vel bekome !

HARDINGLAM har eit utval av tradisjonelle salta og røykte produkt og ferske stykningsdeler av lam. Sjå "Produkta" i menyen ovanfor.

HARDINGLAM er spesielt fordi:
  • Dei kjem rett frå friskt og sunt fjellbeite
  • Me vel ut lam med javn vekt (18-23 kg) og i høge kvalitetsklassar (O+ til U). Jamne stykningsdeler - jamn koke-steikjetid
  • Lamma har god kjøttfylde/ høg kjøtprosent og gjev mykje for pengane
  • Lamma er høveleg feite. Dei er ikkje nedklassifiserte pga. mykje feitt
  • Dyra har eit kjent opphav, og kjem frå gardsbruk der bøndene er kunnskapsrike, og har omtanke og kjærleik for dyra
  • Foredlinga skjer etter gode tradisjonelle metodar der handtverk og rett modning er avgjerande for resultatet.

    Beste helsing bønder i Hardinglam ans.

Legg inn kommentar gjennom facebook

Karakter og besøk
Besøk: 4593.
Karakter er 3 poeng
Satt av 1 brukere.
Sett din karakter!
Velg fra 1 til 6.
1 2 3 4 5 6


NØKKEL FAKTA FOR
Hardinglam

Mailadresse
post@hardinglam.no
Post adresse
Sjusetevegen 27
Poststed
Øystese
Fylke
Hordaland
Kategori
Kjøtt
Underkategori
Lokalprodusent
Sist oppdatert dato
06.04.2006



Ansvarlig utgiver: © 2002- DatabaseSør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!