Info om Jo Ivar

Generell info.

Bilde fra Jo IvarNettsiden har feil eller er lagt ned. Derfor er linken tatt vekk
Jo-Ivar tilbyr disse produktene

Jo-Ivars JOPØLSE

Dette er også ei svært god pølse. Her vert nytta halvparten storfekjøt, resten er sau og gris. Ho er krydra varsam for å få fram den gode kjøtsmaken.
Pølsa vert knytta som middagspølse, kokt og vakumpakka. Varma i vatn, grilla eller steikt er ho eit "blinkskot" både for ung og eldre.
I steikepanna saman med eit par egg er ho eit velsmakande og kraftig måltid, eller server på tradisjonelt vis med valfrie grønnsaker og poteter.
Og hugs: til potetball er ho heilt topp!

Jo-Ivars SVINEMØR

Dette er ei grov kjøtpølse, ekte tradisjonsmat frå Nordvestlandet. I distriktet finns fleire variantar av SVINEMØR, men dette er altså min favoritt som inneheld mest svinekjøt og litt storfekjøt.
Pølsa vert knytta i ringar, kokt og vakumpakka. Ho kan varmast i vatn, i mikrobølgeomnen eller i steikepanna – og prøv ho gjerne på grillen! Og so er ho sjølvsagt godt følge til juleribba.
Byd fram svinemøren med surkål eller kålrabistappa og gode poteter og du har eit festmåltid – også til kvardags!

Jo-Ivars FÅRERULL

Denne er eg stolt av, fordi eg har fått så mange hyggelege tilbakemeldingar.
Råstoffet er lammesider, salt og tradisjonelle krydder, og den gode ettersmaken kjem av at eg brukar litt basilikum i rullen. Bruk rullen som smørbrødpålegg og på koldtbordet. Når du opnar ein matpakka med slikt pålegg vil alle ha maten din – pass godt på han!
Tilgang på råvarer er stort sett berre om hausten, men kokt og vakumpakka står den seg i frysaren i månadsvis, berre syt for å ha nok på lager!

Jo-Ivars SKINKERULL

Eg fekk ein ide om å lage noko anna av skinka, syntest det var for gale å mala all den gode skinka i pølsene.
Skinkerull på ”Jo-Ivar vis” vart presentert på Bondens Marked i Ørsta og på Åndalsnes i desember 2004. Responsen var overveldande. Dette er eit svært velsmakande pålegg, og i tillegg har rullen ei nydeleg snittflate, og pyntar flott opp på bordet.
Skinkerullen er eigentleg dansk, men danskane er flinke til å lage god mat – kvifor ikkje lære litt av naboane i sør? Vi vakumpakkar i stykker på ca ½ kg, slik tar vi best vare på smak og aroma, du skjærer tjukt eller tynt, alt etter smak og humør

Jo-Ivars HEIMELAGA SYLTAFLESK

Eg har produsert dette syltaflesket i tre år og det vert berre meir og mer etterspurt og er eit ettertrakta juleprodukt, men smaken er no den same nytelsen heile året. Ei oppmuntring å finne på skiva i lunsjpakken, gjerne med rødbetar.
Har du prøvd å rulle ei god skive syltaflesk med rødbetar og sylteagurk i potetlefse smurt med ein god sennep ?? Hvis ikkje – gjer det! Det ventar deg ei stor oppleving!

Jo-Ivars JOSYLTE

Dette er syltaflesk for alle dei med sløve knivar! – Berre tøys, men Josylta vart til ved eit ”arbeidsuhell”. Eg skulle lage noko anna, men etter å ha testa ut ”uhellet” på gamal og ung, fann eg fort ut at dette var eit godt alternativt pålegg.
Kjøt og flesk blir mosa i foodprosessor og tilsatt norske urtekrydder, tradisjonelle krydder og olje. Eit smakfullt og smørbart pålegg laga berre på svinekjøt og flesk Røbetar og sylteagurk er godt fylgje.
Josylta vert pakka i plastboks ca 340 gr.

Jo-Ivars GRAVLAKS

Gravlaksen vert framstilt av same topp råvarer som røykalaksen. I staden for å legge i press, let eg laksen modne i vakum. Ein dusj av edle dråpar er med på å gi gravlaksen ein unik smak og konsistens.
Gravlaks egnar seg godt både til pålegg og på koldtbordet. Skjer nokre ringar med raud løk attåt gravlaksen og server med varme nykokte mandelpoteter – dette er festmat! Elles er sennepssaus, dillsaus og rjome med tytebær godt til gravlaks.
Stykka vert vakumpakka, og står seg godt i frysaren.

Andre produkter

Gjennom året produserar vi også ein del andre produkt:

Fleire smakfulle pølser med mykje kjøt i, eksempel medisterpølse med timian.
Tørka fåremør, hjortemør, og spekelaks.
Salta lammekjøt vert vatna passeleg og er klart for gryta, godt til suppe og til ballen.

På bestilling leverar eg svinesteik, kotelettar og svineribbe, eller ein heil eller halv gris, ferdig partert.
Du kan også få toppkvalitet laks i kotelettar eller som filet.
Dersom du har spesielle ønske, ring meg så skal eg sjå kva eg kan gjere.
Hugs at alt eg laga er framstilt på råstoff som er slakta forskriftsmessig og kontrollert. Produksjonsbedrifta er godkjent av Mattilsynet. Eg bruker ikkje E-stoff eller konserveringsmiddel i produkta.

Legg inn kommentar gjennom facebook

Karakter og besøk
Besøk: 7306.
Karakter er 2 poeng
Satt av 2 brukere.
Sett din karakter!
Velg fra 1 til 6.
1 2 3 4 5 6


NØKKEL FAKTA FOR
Jo Ivar

Mailadresse
jo-ivar@vartdalsstranda.no
Post adresse
Jogarden.Nordre Vartdal
Postnr
6170
Poststed
Vartdal
Fylke
Møre-og-Romsdal
Telefon
97527387
Kategori
Kjøtt
Underkategori
Lokalprodusent
Sist oppdatert dato
07.07.2012



Ansvarlig utgiver: © 2002- DatabaseSør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.
Følg meg på!