Fremgangsmåte:
Dette er ei oppskrift som har vore bruka under bakekurs arrangert av Ullensvang Bondekvinnelag:
Dette må knaast godt til ein seig deig kvelden før ein skal baka. Kjevl ut tynne leivar og steik dei gyllenbrune. Brett dei to gonger.
Andre kjelder fortel om flatbrøddeig som vart laga av grov rug og grov kveite, i forholdet to til ein, attåt poteter og vatn.
Kveiten var med for å gjera deigen lettare å baka ut. Dei bruka både kokte og malne poteter, og knadde deigen om kvelden med litt av vatnet. Med poteter i blotna gjerne deigen om natta. Han vart så knadd ferdig om morgonen med rugen og meir vatn, alt etter kor mykje ein kunne greia å steikja den dagen.
Mange stader bretta ein dei ferdigsteikte flatbrødleivane i trekantar før ein la dei i mathus eller stabbur. Skreppelefsa derimot vart bretta til ein firkant. Slik vart ho greiare å få med i kløva når ein skulle til støls, eller i skreppa på slåtteteigen.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Sett karakter på oppskriften
Ansvarlig utgiver: © 2002-2011 DatabaseSør
Adresse: ABC Matoppskrifter, PB. 1638, 4688 Kristiansand
Orgnr.: 982 072 557 mva.