Fremgangsmåte:
Dette er gammal, god og billig kvardagsmat. Ei kone hugsar retten frå ho var barn, og som husmor i 40 år har ho ofte nytta restane av spekekjøtknokane slik:
Kok kraft på knokane og plukk av kjøtet om det er noko att. Skrell potetene (800 g) og ei skive kålrot. Kok dei i 1/2 1 passe salt kraft. Ha i lauk om ein vil. Mos potetene i panna. Ta av litt av krafta fyrst; då er det lettare å få stappa passe tjukk. Ha i kjøtet, og gjerne andre kjøtrestar eller pølse. Legg stappa på eit fat, og legg på nokre klattar av fleskefeitt som «smørauga».
Har ein lite kjøt, kan ein steikja flesk eller pølse. Legg dette over, og dryss på rikeleg med graslauk. Flatbrød attåt.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Prøv en lignende oppskrift

Sett karakter på oppskriften
Ansvarlig utgiver: © 2002-2011 DatabaseSør
Adresse: ABC Matoppskrifter, PB. 1638, 4688 Kristiansand
Orgnr.: 982 072 557 mva.