Fremgangsmåte:
Til 12 egg brukar ein så mykje sukker som 10 av egga veg, og så mykje kveitemjøl som 8 egg veg.
Set skåla med egg og sukker i ei bøtte med godt varmt vatn og visp ein time. Rør mjølet forsiktig i. Bruk ikkje hevingsmiddel.
Steik kaka i ca. 3 /4 time.
Kaka skal helst steikjast i særeigne randformer i tre storleikar. Då går det med 18-20 egg. Når kakene er godt kalde, set ein dei oppå kvarandre, den største nedst. Pynt med svært tynne striper glasur nedetter kantane. Kaka vert då kalla brurekake.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Prøv en lignende oppskrift

Sett karakter på oppskriften
Ansvarlig utgiver: © 2002-2011 DatabaseSør
Adresse: ABC Matoppskrifter, PB. 1638, 4688 Kristiansand
Orgnr.: 982 072 557 mva.