Fremgangsmåte:
Bløyt gryna natta over. Kok dei godt. Kok kjøt og flesk, og mal det. Før tok dei alltid eit stykke kjøt til side, løyste muskelfibrane godt frå einannan og hadde det i steika til slutt. Dette bruka dei for at ho skulle verta seig. Ha fleske- og kjøtfeitt i grytebotnen og bland byggryn og kjøt godt. Vert det for turt, så spe med kjøtkrafta. Salt og pepar etter smak. Hakkasteik skal vera nokså feit. Poteter og kålrotstappe til.
Denne retten var brudlaupsmat i eldre tider, til frukost eller til kvelds. Då var det alltid potetkaker attåt, i staden for poteter.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Prøv en lignende oppskrift

Sett karakter på oppskriften
Ansvarlig utgiver: © 2002-2011 DatabaseSør
Adresse: ABC Matoppskrifter, PB. 1638, 4688 Kristiansand
Orgnr.: 982 072 557 mva.