Fremgangsmåte:
Koketid: 2-2 1/2 timar.
Mos kokte poteter, som fyrst er dampa i ein kjele for at massen skal verta litt seig (som til potetstappe). Ha dette i ei stor skål. Rasp så i dei rå potetene. Deretter har ein i salt og det grove mjølet. Ha så i resten.
Rør godt med ei stor treause så røra helst vert litt seig. Ta av røra med ei stor matskei og form til kaker med hendene. (Dypp hendene i kaldt vatn når du formar kakene; då set ikkje deigen seg fast.)
Slepp kakene opp i kokande kjøtkraft der ein har teke bort feittet (flotet).
Legg kålrabiskiver saman med kakene, og la dette koka i ca. 1/2 time. Server raspekaker med kålrabi, røykekjøt, flesk, kjøtpølse og feitt.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Prøv en lignende oppskrift

Sett karakter på oppskriften
Ansvarlig utgiver: © 2002-2011 DatabaseSør
Adresse: ABC Matoppskrifter, PB. 1638, 4688 Kristiansand
Orgnr.: 982 072 557 mva.