Fremgangsmåte:
Ingrediensane til denne gryta er så norske som dei vel kan verta, men eit par råvarer av litt nyare dato har eg teke med.
Bruk ei stor gryte.
Er knokane salte, vatnar du dei fyrst ut eit par timar. Kok dei deretter i ei stor gryte til dei er nesten ferdigkokte. Ta av noko kraft til å koka kjøtbollane i. Så har du oppi kålrabi, poteter og gulrøter. Sellerirota skal kokast i ørsmå terningar. Elles skjer eg grønsakene i litt store terningar til denne gryta, og pass på at du ikkje kokar dei for møyre; dei er aller best og gjer best når dei må tyggjast litt.
Dei to purrelaukane skjer eg i litt kraftige ringar og let dei koka fort opp, for dei må ikkje verta blautkokte. Dei skal vera sprø. Set dei deretter til sides.
Bland så saman kjøtdeig og medisterdeig. Spe med litt mjølk for å få ein lausare deig. Ha i litt potetmjøl og /eller eit egg for å binda saman. Til slutt har du i salt og krydder.
Form deigen til kjøtbollar (store, form med ei spiseskei) som du kokar i kraft frå knokane - spe gjerne med vatn i fall krafta er for salt.
Når bollane er ferdigkokte (10 minutt), legg du dei fint i ein krans i gryta. Legg til slutt purrelauken i ring rundt bollane i gryta og server med heimebaka, grovt brød til eller anna grovkorna brød.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Prøv en lignende oppskrift

Sett karakter på oppskriften
Ansvarlig utgiver: © 2002-2011 DatabaseSør
Adresse: ABC Matoppskrifter, PB. 1638, 4688 Kristiansand
Orgnr.: 982 072 557 mva.