Gå til forsiden av matoppskrift.no
Alle oppskriftssøk Mer enn 35.500 stk.
Søk etter ingredienser Mer enn 12.000 stk

Sogneøl




Ingredienser




Annonse


Fremgangsmåte:

Det er i denne oppskriften ikke angitt noen mengder malt eller vann, men man har inntrykk av at det var sterkt øl som ble brygget.

Det vert vanleg nøtta byggkorn til brygging. Kornet vert havt i reine sekker og lagd i rinnande vatn i tri døger. Kornet vert då oppteke og tømd utover eit reint golv eller ein stor flake i handsbreidd tjukken. Kornet vert liggande til det spira. Då skal det gnekast opp. Vert so liggande i ca 3 dagar. Det vert so hatt på turken og tømd utover steinhjellen. I turken vert det fyrt i gruva med tun bjørkeved til kornet er so pass turt at det kan malast.

Til brygjing må ein ha store kjelar, helst to. Dei vert fylt med vatn og eine (sprake) som må koka før det vert brukt. Maltet vert tømd i kjerald og fylt med kokande einelog. Maltet skal stå slik, godt overbundet, ein time. Det kallast "meisking". Ein må have eit stort kjerald som ein legg rosten i. Rosten er småhoggen rå åre-ved som vert lagd over kranen i botten på kjeraldet. For at vørteret skulle renna, måtte det leggast i kross, og over rosten vart lagd eit lag med einer eller halm. Maltet som har stått og trukket seg, vert so ausa over rosten og kjeralde fyld med einelog. Einelogen skal heile tidi stå over maltet. Kranen vert so oppskrudd, ikkje meir enn det renn full bøtta på ein time.
I bøtta vert hadd ei god hand humle. For å vera viss om at brygjet vart velukka, vart det første vørte rend i brygje, ausa og hivd i kross med dei ord: " Der har du det. " (Det var dei underjordiske som måtte få det fyrste, for at dei ikkje skulle setja vondt på ølet.) Når vørte var ferdigrent, vart det ausa i kjeraldet og godt overbreidd og vart ståande til det vart passeleg varmt og tilsitja berm (gjær vart sjeldan brukt). For å finna ut om ølet var passelegt varmt til sitjing, brukte dei gjerne å stikka armen nedi brygget. Kunne dei halda armen utan at det brende, var det passande varmt. Var brygget vellukka, rekna dei med at det helt jamn gong i 24 timar. Det vart so fylt på anker.

Til jol var det vanleg at det vart laga øl på alle gardar, og når dei "skok opp" skulle mannfolket i grannelaget koma og smaka på ølet. Slik gjekk dei frå den eine til den andre, så det tok ofte mange dagar før dei hadde vore hjå alle, og siste dagane føre jol vart ofte annsame.

Til bryllaup vart det alltid laga heimebrygg. Det vart også bruka mange stadar endå, og enkelte lagar òg til jul. Det var òg vanlegt at alle hadde ferdig malt ståande, for i eldre tid brygja dei òg til begravelse, og det hende ikkje so sjeldan at det vart teke eit glas for mykje sjølv i ein begravelse.

Mer info

Forfatter:
Kilde: Matoppskrift.no
(Intern: 14032)
Kategori: Ølbrygging
Land: Norge
Fylke: Sogn og Fjordan
Nasjonal/tradisjonsrett

Sett din karakter på oppskriften!

1 2 3 4 5 6



Legg inn kommentar eller trykk liker på denne oppskriften.
PS: Om du oppdager feil på oppskriften, send meg heller en mail.



Annonse






Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.