Gå til forsiden av matoppskrift.no
Alle oppskriftssøk Mer enn 35.500 stk.
Søk etter ingredienser Mer enn 12.000 stk

Treak 1




Ingredienser

einerbær

Fløte
melk
Sukker


Annonse


Fremgangsmåte:

Plukk modne briskebær (einebær), reinsk henne (ikkje så farleg om det blir med litt briskenåler), og ha henne i ein stor kjele. Skal det bli mykje godsaker ut av det, må du ha ein god gammaldags storekjel, men det går med ein mindre og. Ha på vatn så det rekk noko over bæra og kok det ein times tid. Sil så av briskelågen gjennom eit klede, og ha på nytt vatn. Kok dette ei tid, og sil av. Kanskje er det enno att litt ”saft” i bæra, så du treng å koke henne ein tredje gong. Klem godt ut lågen av bæra som du no kastar. Ta all lågen og kok han inn. Når han tek til å tjukne litt i kjelen, må du røre godt rundt, elles svir han. Seg.

No (når lågen tek til å tjukne) har du i sukker, mjølk og fløyte. Har du 15 l bær, har du i 1 liter fløyte, 6 liter mjølk og 1 kilo sukker. Kok vidare, og rør godt. For å sjå når treaken er ferdigkokt, gjer du denne prøva: ta litt masse på ei skei og slepp ned i ein kopp med kaldt vatn. Blir massen stiv og fast, er han ferdig til rulling.

Du tek kjelen av varmen, tek treakmasse opp og rullar ut ”pølser” som er 1-1,5 cm tjukke. Skjer dei i 10-15 cm. lengd, og ha smørpapir rundt. Der har du godbiten ferdig! Treaken stivnar fort. Har du stor porsjon, bør du difor ha med deg hjelp til å rulle. Treak er betre enn dei beste drops. Kløyv treakskaftet opp i små delar. Dei kan kvile lenge og velbehageleg på tunga utan å smelte bort. Friskt - godt - billeg - og heimelaga.

Mer info

Forfatter:
Kilde: Soppforeningen
(Intern: 15569)
Kategori: Snacks
Land: Norge
Fylke: Ukjent
Nasjonal/tradisjonsrett

Sett din karakter på oppskriften!

1 2 3 4 5 6



Legg inn kommentar eller trykk liker på denne oppskriften.
PS: Om du oppdager feil på oppskriften, send meg heller en mail.



Annonse






Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.