5 lignende artiklerHva er dette?
Mer norsk lokalmat til dagligv
Mer av maten importeres
Bondens marked i høst
Økomarknad i Stavanger
Kurv frå Valdres er den første

FAKTA
Publisert: 19.07.2010
Forfatter: Landbruks- og matdepartementet
Fotograf: Stock.xchng
MENYEN VÅR
Tjenester for deg
Meld deg på nyhetsbrev
TIPS EN VENN
VÅRE PARTNERE
Alle Tiders Kogebok
City-Norge
Din startside
Fiskeopskrifter
Oppl. kontoret for brød og korn
Oppl. kontoret for kaker
Supermarket.no
Du er her :: Hovedsiden :: Artikkelarkiv :: Legg turen innom ein støl i sumar ::

Legg turen innom ein støl i sumar

Del artikkelen på: Del artikkelen med dine venner på facebook Del artikkelen med dine venner på nettby Del oppskriften på digg Klikk for å dele denne artikkelen på twitter
Budeienettverket ønskjer velkomen til stølsliv i Hallingdal. Dei representerer 13 ulike stølar og presenterer seg gjennom ei ny brosjyre.

Les mer om budeienettverket på Hallingkost.no

Se også brosjyre om Stølslivet i Hallingdal (pdf, 3 Mb)

Gode kart gjer det enkelt og finna fram til dei ulike stølane. Mange av stølane har og eigne internettsider. Budeienettverket er i sin tur ein del av Hallingkost, som gjennom har gjort lokale matspesialitetar kjent langt utover Hallingdal sine grenser. Dei har kopla saman matkultur og reiseliv.

Levande stølar

Budeienettverket oppmodar folk om å ta ein rundtur i Hallingdal gjennom vekslande landskap til stølsvollar med beitedyr. Opplev levande stølar med mjølking, separering, ysting, flatbrødbaking, gjeting, hesjing og stell av dyra. Stølane har mykje å by på, og her er det servering og sal av nylaga stølsmat. Her er surystil og rømme, kvikaku og lappar, fjellsmør, mjølkeprim og fløyteprim, geitost og trøgost. Nokre av stølane tilbyr overnatting og ulike aktivitetar. Stølane ligg i fine turområde. Her, høgt over havet, ligg det til rette for både toppturar og rolegare rusleturar i lett terreng. Landbruksbasert næringsutvikling

Tilbudet høver godt inn i strategien for landbruksbasert næringsutvikling i Buskerud som fylkesmannen står bak i samarbeid med eit breidt partnerskap i Buskerud fylke.

Om Hallingkost

Gjennom generasjonar har folk hausta av naturen og ført matkulturen vidare.
Tradisjonelt er Hallingkost den maten dei brukte i Hallingdal før det var for mykje ”kjøpemat”.
I gamal tid vart maten i hovudsak laga av lokale råvarer, og oppskriftane gjekk i arv frå mor til dotter.
I dag er Hallingkost mat for moderne menneske.

Det er kortreist mat stort sett produsert av lokale råvarer.
Mange av produkta er økologiske, og det blir nytta reine råvarer utan tilsetjingsstoff.
Det er også viktig å hugse på at måltidet er ein sosial aktivitet.
Både kvardagsmåltidet og festmiddagen samlar folk til samtale og hyggeleg samvær.

Hallingkost vil gje folk opplevingar med mat som dei berre kan få i Hallingdal.
Hallingkost BA har sidan 2002 bygd opp ein nettverksorganisasjon med over 60 medlemer.
Hallingkost BA skal bidra til betre verdiskaping for deleigarane, gjera den lokalproduserte maten synleg og styrke Hallingdal som reiselivsregion. Hallingkost BA vil arbeide i grensesnittet mellom landbruk og reiseliv. Eit aktivt og levande landbruk er grunnlaget for framtidas reiseliv.

Hallingkost vil vere med å legge til rette slik at du kan oppleve alt det fantastiske som blir produsert og servert i dalen vår.

Legg inn kommentar på artikkelen

Hverdagskost og festmat langs primstaven

Hverdagskost og festmat langs primstaven

Hva skjer når en tradisjonsbunden kokk i verdensklasse møter en landskjent kulturforfatter? Resultatet blir en fantastisk spennende bok. Boken er en stor opplevelse, fordi den gir en grundig innføring i over tretti av våre gamle merkedager som assosieres med mat - i tillegg til fastelavn, påske og pinse. Og hvilke matoppskrifter som presenteres! Bli med på en reise i norske tradisjoner, følg oss gjennom de spesielle dagene og nyt den nydelige maten. Dette er norsk kulturhistorie på sitt beste.

Ansvarlig utgiver: © 2002-2010 DatabaseSør
Adresse: ABC Matoppskrifter, PB. 1638, 4688 Kristiansand
Orgnr.: 982 072 557 mva.