Ein utflukt med dine arbeidskollegaer, eller næraste familie, ein grunn til å feira, eller ein rund dag; med Borgøy som ramme rundt dagen gir du dine gjester ei minnerik oppleving. Sjølve starten er eksotisk nok; båt til ei lita øy med 14 fastbuande, der det ikkje finst bilar eller breie vegar. Sidan starten i 1995 har me reindyrka vår matprofil: me er opptatt av å levera sjølvlaga mat, basert på dei beste råvarene markedet kan tilby. Sjømat er eit viktig innslag på menyen vår, det same er dei gode, reine smakane av eksklusive råvarer. Me kan ta i mot 60 personar til middag ved Notbøteriet. I tillegg til dette har me ei rekkje utebord, som kan nyttast ved fint ver. Be om pakkepris, den inkluderer båttransport til og fra Borgøy, matservering, kaffi og dessert. Du kan også få inkludert drikke til maten. Me gir alle våre gjester ein rusletur med guide opp til minneplata til kunstmalaren Lars Hertervig. Denne turen tar ca 70 minutt, og gir også eit innblikk i Borgøy si historie. Dette er med å skapar minner om kvelden. Me har skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Me hjelpe gjerne til med å skaffe underhaldning eller levande musikk til arrangementet.
Informasjon om Borgøy Fjord Konferanse
Kategori:
Selskapslokale
Kjøkken:
Norsk
Oppdatert dato:
22.08.2010
Karakter og besøk
Besøk: 3423.
Karakter er 3 poeng
Satt av 1 brukere.