Restaurant Charlotte - Markus Cafe & Bar - Restaurant Andrine - Cafe Zandra. Dei er fire restaurantar med eitt felles kjøkken. Restaurantane på Hotel Alexandra i Loen går det gjetord om langt utanfor landegrensene. Restaurantane held gode norske mattradisjonar ved like samstundes som dei byr på kulinariske opplevingar frå fjerne himmelstrok. Du kan velje mellom fleire spisestadar, buffé eller à la carte menyar.