Kalvåg i seg sjølv er eit stort levande hotell! Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast.
I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala.
Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat, vi ligg så og seie midt i spiskammerset med fiskefelta berre eit steinkast utanfor.
Ta med deg familie, gode venner, kollegaer eller kundar til fiske og opplevingsparadiset Kalvåg.
Restaurant Vi er kjende for god mat i Kalvåg. Dette omdømme set vi vår ære i å halde fast ved. Vi tykkjer mat er spanande og råvarene frå havet får du ikkje ferskare enn i Kalvåg!
Vi legg vekt på tradisjonsrik fiskemat, i tillegg likar vi å finne på nye rettar basert på dei råvarene vi finn i havet rundt Kalvåg.
Annonse
Annonse
Karakter og besøk
Besøk: 3407.
Karakter er 4,5 poeng
Satt av 2 brukere.