Dei fleste bær er fulle av helsegode forbindelsar, og har mykje og kraftig farge. Vi veit at mange av dei positive innhaldsstoffa finst i nettopp fargestoffa – særleg i dei raude og blå.
Samanlikna med frukt og grønsaker, har alle bær store mengder av til dømes polyfenolar, vitamin C og andre antioksidantar.
Små pakkar av sunnheit
Solbæra er dei som har størst innhald av C-vitamin og andre antioksidantar, og dei nye, moderne sortane har dobbelt så høgt innhald som eldre sortar. Det gjer at det i dag er ein veksande marknad for handplukka, ferske bær av mange arter: solbær, rips, stikkelsbær, hageblåbær, skogsblåbær, tyttebær og molte.
Jordbær og bringebær har også i stor grad vore nytta ferske, men mange av dei andre dyrka og ville bæra har først og fremst vore råstoff til blant anna syltetøy, saft og gele. Interessa for ville bær er også svært stor. I tillegg til at dei er sunne, finn mange helsebot i å koma seg ut i skogen for å plukka eigne bær.
Lang tradisjon
Ei auka interesse og ny kunnskap om næringsinnhaldet i all mat, har ført til endra forbruk av nokre av hagebæra, men vi har lang tradisjon her i landet for å ha bærbuskar i hagen. Bæra har vorte hausta og for det meste nytta til saft, syltetøy og gele. Berre mindre mengder har vorte nytta ferske.
Dette har endra seg ein god del siste åra, fordi interessa for ferske sunne bær er så stor. For få år sidan var det sjeldan å finna bær av solbær, rips eller stikkelsbær i butikkar eller på torg. Dersom dei fanst, var det som oftast berre små mengder, og i nokre få dagar. På torget har det likevel mange stader vore lettare å få tak i desse bæra enn i butikkane. Sidan interessa og marknaden har vakse i det siste, finn stadig fleire desse varene interessante, og no finn vi dei ofte også i vanlege butikkar.
Bærene bør frysast raskt
Behandling av råvarene, lagringstemperatur og emballasje avgjer om mengde antioksidanter reduserast frå råvare til ferdig produkt. Til dømes brytast C-vitamin lett ned ved matlaging, medan nedfrysing og fryselagring har mindre øydeleggande effekt. Generelt er rask nedkjøling og jamn temperatur under lagringsperioden viktig for å ta vare på mest mogleg av antioksidantane. Bær som plukkast om hausten kan difor vere omtrent like sunne når du tar dei opp frå fryseboksen utpå vinteren
Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.
Intern:3025