Eg vil produsere økologisk mat


Oppdatertdato: 2013-04-10 Tema: Økologisk Forfatter: Utgiver: Matoppskrift.no Først Utgitt: Fotograf: Svein Joar Husjord, Kilder: Lise Grøva


Siri Helle vil produsere økologisk mat. Derfor går ho på Sogn Jord- og hagebruksskule i Auland.
Ho er elev ved SJH. Siri kjem frå Holmedal i Sunnfjord, og fekk interesse for økologisk landbruk fordi ho var aktiv i Natur og Ungdom og i solidaritetsarbeid gjennom «Dei jordlause si rørsle», som er den største sosiale rørsla i Brasil. Siri har også praktisk erfaring gjennom organisasjonen WWOOF (World Wide Opportunities on Organic Farms), ein organisasjon som formidlar kontakt med økologiske garder ulike stader i verda. Siri Helle var med på å arrangere årets Aurlandsseminar. Vi har intervjua Siri om kvifor ho begynte på skulen:

Fordi eg ynskjer å produsere økologisk mat! Eg kjem ikkje frå gard, men ein kombinasjon av politisk solidaritetsarbeid og «woofing» gav meg eit sterkt engasjement for lokal mat - både produksjon og tradisjonar. Sidan eg ikkje har vakse opp meg gardsarbeid, var det viktig for meg å gå på ein praktisk retta skule. Samtidig ynskte eg å sette meg inn i teoriane bak det økologiske landbruket. SJH verka som ein god innfallsport, noko han òg har vist seg å vere.

Gi nokre eksempel på aktivitetar ein kan vere med på i regi av skulen:

Garden på SJH har ein veldig brei produksjon: grønsak- og potetdyrking, 3200 økologiske epletre, mjølkekyr og -geiter, sauer, arbeidshestar, skogbruk, reinsjakt, foredling av kjøtt, mjølk (eige ysteri), frukt og bær, tradisjonelle byggeteknikkar (som grindbygg), Inn på tunet og bygdeutvikling er nokre av tema ein er innom i løpet av skuletida. Elevane får mykje ansvar. Blant anna gjennom fjøsveker, sjølvstyrt elevhage og eigne foredlingsprosjekt. På sommaren tar vi med oss geitene opp i Aurlandsdalen, kor vi lærer å drive støl med handmjølking og brunostkoking. I tillegg har vi klasseromma som gir oss teorien - plante- og husdyrkunnskap, driftsplanlegging og det norske landbrukssystemet, mellom anna.

Korleis er miljøet på SJH?

Det er veldig godt læringsmiljø på SJH. Det at elevane er så mangfaldige i alder, bakgrunn og heimstad (SJH er landsline), kombinert med at dei fleste bur på internatet på skulen, er ein styrke vi lærer masse av kvarandre. I tillegg har vi enormt engasjerte lærarar som brenn for det dei underviser - som stiller opp og held kurs for oss på kveldstid, eller opnar huset sitt for oss når vi er på klassetur. Det er særs få som passivt hamnar på SJH, her har vi ei aktiv og engasjert lita "økoboble".

Kva med fritidsaktiviteter?

Vi har jo ein heil verdsarvpark å boltre oss i. Friluftsliv er viktig i Aurland. Elevane har tilbod om å nytte skulen si hytte i Rausmeisdalen, og i tillegg har Røde Kors og Fjellstyret hytter vi kan nytte, til fots om sommaren og på ski om vinteren. Skulen har kajakkar, og vi kan låne Indre Sogn Kystlag sine tradisjonsrike færingar for ein rotur på fjorden - veglause bygder i Nærøyfjorden vert best oppdaga med robåt. I tillegg er idrettshallen open kvar dag, husflidslaget møtest jamleg, og elevar er aktive i så vel politikk som spelemannslag og på fotballbana.

Aurlandsseminaret fortel om det.

Aurlandsseminaret er eit elevinitiativ som i år har inngått i entreprenørskapsundervisninga vår. Bakgrunnen for seminaret er delt: Det bygger på tidlegare seminar, kor målet er å samle det økologiske miljøet i Noreg. Det målet har vi framleis med oss, men vi ynskjer òg å dra med oss resten av landbruket. I fjor var fokus på opne møteplassar og å rekruttere unge inn i landbruket. I år dreia vi meir over på småskalaforedling, og korleis bonden kan nytte ressursane på sin gard endå betre. Trendar i jordbruket trekker produksjonen av så vel fôr som foredla produkt vekk frå garden - samtidig som lokale produkt vert meir og meir verdsett. Aurlandsseminaret tar eit klart standpunkt for dei lokale variantane. Vi ynskte oss eit praktisk fokus kor deltakarane skulle reise heim med ny kunnskap om maten dei et og/eller produserer. Samtidig ynskte vi å vise fram skulen og all den unike kunnskapen som finst akkurat her kring akkurat desse tema:

Småskala fordeling. Difor la vi opp ei rekke praktiske småkurs i partering av slakt, gardsysting, garving av skinn, planteoppal, tradisjonsmat og permakultur. Søndag hadde vi ein teoretisk bolk kor vi fekk eksempel på småskalforedling i lokalmiljøet her, samt eit innblikk i kor viktig småbonden er globalt ved Aksel Nærstad.

Det var kring 50 eksterne deltakarar på seminaret, i tillegg til alle oss frå skulen.

Ressurssenteret, som har kontor på SJH, er viktig i organiseringa av Aurlandsseminaret, og står bak mykje av logistikken. Aurlandsseminaret samorganiserte òg med Oikos sitt landsmøte i år, eit veldig vellukka samarbeid! Vi møttest til felles fagseminar fredag, og lunsj og festmiddag laurdag. Inspirerande og kjekt å møtast slik.

Kva mulegheiter gir ei utdanning ved SJH?

Ein lærer sjølvsagt ikkje alt om å drive gard i løpet av to år, men det gir eit godt utgangspunkt. Fullført VG3 gir yrkestittel Agronom i økologisk landbruk. Om ein ikkje vil drive eigen gard, kan ein jobbe som avløysar, gartnar, jobbe innan matforedling eller i skogbruket, eller ein kan utdanne seg vidare innan høgare jordbruksutdanning på til dømes Blæstad eller UMB. Det er mål frå styresmaktene om både auka matproduksjon og auka andel økologisk landbruk i Noreg, så mulegheitene burde ligge der!

Kva kan du tenke deg å bruke utdanninga di til?

No skal eg ta eit fagbrev i hestefag på den økologiske garden Handnesgard, kor dei i tillegg til naturleg hestehald driv med ammekyr, villsauer og arktisk produksjon av grønsaker på Helgelandskysten. På sikt vil eg drive eigen gard, aleine eller saman med andre, økologisk sjølvsagt. Det er garden som bestemmer kva produksjon det vert, men to år i Aurland har gitt meg ein særleg kjærleik til geitene.

Les også:

> Studer ved Sogn Jord- og Hagebruksskule

Annonse












Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2650
Sommermat.Vafler.
Kjøttkaker.

Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.