Forskar på lokal smak


Oppdatertdato: 2012-12-18 Tema: Tradisjoner Forfatter: Utgiver: Matoppskrift.no Først Utgitt: Fotograf: Hanne Sickel, Marianne Mork


Smakar mat ulikt om han kjem frå den eine eller den andre kanten av landet? No vil forskarane prøve å finne ut om produksjonsmåte eller produksjonsstad fører til skilnader i smak og kvalitet.
Rakfisk frå Valdres, mjølkeprodukt frå Røros, eller alt det ein mathall i Oslo har å by på. Fleire og fleire bruker ekstra kroner på den heilt spesielle maten.
Men har det noko å seie kor maten kjem frå? Ja, meiner forskingsleiar Ragnar Eltun hos Bioforsk. I marknadsføringa får historia bak maten stor plass. No vil forskarane finne fram til korleis dei kan gjera sitt for å utvikle den lokale matproduksjonen.

Terroir

– Vi ser jo heilt klart at det er bruk for dokumentasjon på kvaliteten på desse produkta. Historia rundt produktet er spanande, men det er òg viktig at ein kan vise til at det er reelle kvalitetar, ifølgje Eltun.

I Noreg er terroir – den karakteren som geografi, geologi, klima og produksjonsmåte kan gje til eit mat- eller drikkeprodukt – nytt og ganske uutforska. – Men vi veit at vi kan syne til spesifikke kvalitetar på produkt frå forskjellige distrikt eller med ulike produksjonsmåtar. Det gjeld til dømes lam som har beita i fjøra – Lofotlam. Beitestudiar med mjølkekyr har synt at mjølkekvaliteten er påverka av beiteplantane og høgda over havet. Eit godt døme på dette er den spesielle kvaliteten på stølsmjølk.
Eltun kan òg fortelja om eit prosjekt på Toten der ein ser på kvaliteten på gulrot og potet dyrka på forskjellige stader.

– Akkurat dette må vi kunna dokumentere. Det er òg spanande om ein kan finne måtar som kan spore eit produkt til ein bestemt opphavsstad, men her er det ennå ein lang veg å gå for forskarane, fortel Ragnar Eltun.

Vil ha spesialprodukt

Han er ikkje i tvil om at det er aukande interesse for spesialprodukt i Noreg.
– Salsstatistikken, presseomtalen og interessa for matmarknader ulike plasser i landet er gode døme, ifølgje Eltun. Han peiker på spesialprodusentar som er i ferd med å vekse og gjera det bra, og òg at store produsentar som til dømes landbrukssamvirket kjem med spesialprodukt.

– Mykje av fokuset i landbrukspolitikken går på å produsere meir mat, og det er viktig. Men i tillegg skal det leggjast vekt på å produsere regional mat med spesielle kvalitetar som kan seljast til ein høgare pris og bidra til levedyktige bygdenæringar, konstaterer Ragnar Eltun hos Bioforsk.

Fersk og sunn

Sifo-forskar Gunnar Vittersø slår òg fast at forbrukarane blir meir og meir opptekne av lokalmat og spesialprodukt.
– Det er mange grunnar til det. Folk er generelt opptekne av mat, blant anna knytt opp til helse og miljø. Den typen nærleik som du får iallfall når du kjøper direkte av produsenten, opplever forbrukarane som meir sunn og meir miljøvennleg utan at den strengt tatt treng å vera det. Men lokalmat blir oppfatta som ferskare enn annan mat, seier Vittersø.
Han åtvarar mot å ta inn lokal mat i daglegvarebutikken og tru at forbrukaren framleis opplever den som like fersk og nær. Når den kjem inn i butikk, er den direkte kontakten mellom produsent og forbrukar broten.

– Det kan vera nyttig for produsentar å kunna dokumentere kvalitetsaspekt ved produkta, men det største fortrinnet for lokalmaten er at forbrukarane i utgangspunktet knyter så mykje positivt til den, meiner Gunnar Vittersø i Sifo.

Annonse












Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2583
Julekaker.Lefser.
Pølser.

Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.