Hvordan redusere sukkerinntaket

Gruppe Kostråd Tema Kostråd Forfatter matportalen.no. Utgiver: Matoppskrift.no Dato 14.01.2006

Sukker er berre energi og inneheld ingen nødvendige næringsstoff. Derfor blir sukker ofte kalla for tomme kaloriar. Det samla forbruket av sukker hjå nordmenn er høgare enn ønskjeleg, særleg blant ungdom.
Norske helsestyresmakter tilrår at maksimalt ti prosent av energibehovet vårt blir dekt gjennom inntak av sukker.

Sukkerforbruket aukar

I løpet av dei siste tjue åra har delen av kosten sitt energiinnhald som kjem frå sukker lege rundt 8-10 prosent blant vaksne og 11-19 prosent blant barn og ungdom i dei nasjonale kosthaldsundersøkingane. I 1993 fekk norske 13-åringar 12 prosent av energien frå sukker. I 2000 hadde dette auka til 18 prosent. Tendensen er auka sukkerforbruk blant barn og ungdom.

Måten ein bruker sukker på er forandra og kan langt på veg forklare auken i sukkerforbruket. Forbruket av reint sukker er nesten halvert, samtidig som det har vore ein monaleg auke i brukt av brus og godteri. Omsetninga av brus er meir enn tidobla sidan 1950-åra. I 2002 blei det omsett 91 liter sukkerhaldig brus pr innbyggjar. Omsetninga av sjokolade og sukkervarer auka frå ca. 4 kilo til 13 kilo pr person pr år i perioden 1960-1996 og har lege på dette nivået sidan.

Sukker fortrengjer annan mat

Eitt gramt sukker gir fire kaloriar, eller 17 kilojoule. Det store problemet med høgt sukkerinntak er at det fortrengjer annan mat. Det er berre energi i sukker, det inneheld verken vitamin eller mineral. Når ein et mykje sukkerhaldige varer, blir det ikkje plass til annan mat.

Konsekvensar av høgt sukkerforbruk

Det er godt dokumentert at eit høgt inntak av sukker er helseskadeleg. Dei viktigaste negative konsekvensane av høgt sukkerforbruk er:


Kor mykje sukker kan du ete?

Kor mykje sukkar du kan ete avheng av kjønn, alder, kroppsstorleik og aktivitetsnivå. Tabellen under viser rettleiande sukkergrenser pr døgn gitt at energiinntaket frå sukker ikkje skal overstige ti prosent.

Rettleiande sukkergrenser pr. dag
Alder og kjønn Sukkermengd
Barn 1-3 år 30 gram
Barn 4-6 år 40 gram
Barn 7-10 år 50 gram
Gutar 11-14 år 60 gram
Menn over 15 år 70 gram
Jenter 11-14 år 50 gram
Kvinner over 15 år 55 gram


I dei ti prosentane inngår raffinert, kvitt røyrsukker som strøsukker, sukkerbitar eller sukker som blir tilsett matvarene vi bruker. Sukker i brus, saft, syltety, kaker, mjølkeprodukt og andre sukkerhaldige matvarer blir også rekna med. Det naturlege fruktsukkeret i frukt og grønsakene blir ikkje rekna med. Det gjer heller ikkje naturleg mjølkesukker.

Tips for å redusere sukkerinntaket:

Frukost


Mellommåltid


Lunsj


Kveldsmat


Drikkevarer







Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.