Budeienettverket ønskjer velkomen til stølsliv i Hallingdal. Dei representerer 13 ulike stølar og presenterer seg gjennom ei ny brosjyre.
Les mer om
budeienettverket på Hallingkost.no
Se også
brosjyre om Stølslivet i Hallingdal (pdf, 3 Mb)
Gode kart gjer det enkelt og finna fram til dei ulike stølane. Mange av stølane har og eigne internettsider. Budeienettverket er i sin tur ein del av Hallingkost, som gjennom har gjort lokale matspesialitetar kjent langt utover Hallingdal sine grenser. Dei har kopla saman matkultur og reiseliv.
Levande stølar
Budeienettverket oppmodar folk om å ta ein rundtur i Hallingdal gjennom vekslande landskap til stølsvollar med beitedyr. Opplev levande stølar med mjølking, separering, ysting, flatbrødbaking, gjeting, hesjing og stell av dyra. Stølane har mykje å by på, og her er det servering og sal av nylaga stølsmat. Her er surystil og rømme, kvikaku og lappar, fjellsmør, mjølkeprim og fløyteprim, geitost og trøgost. Nokre av stølane tilbyr overnatting og ulike aktivitetar. Stølane ligg i fine turområde. Her, høgt over havet, ligg det til rette for både toppturar og rolegare rusleturar i lett terreng.
Landbruksbasert næringsutvikling
Tilbudet høver godt inn i strategien for landbruksbasert næringsutvikling i Buskerud som fylkesmannen står bak i samarbeid med eit breidt partnerskap i Buskerud fylke.
Om Hallingkost
Gjennom generasjonar har folk hausta av naturen og ført matkulturen vidare.
Tradisjonelt er Hallingkost den maten dei brukte i Hallingdal før det var for mykje ”kjøpemat”.
I gamal tid vart maten i hovudsak laga av lokale råvarer, og oppskriftane gjekk i arv frå mor til dotter.
I dag er Hallingkost mat for moderne menneske.
Det er kortreist mat stort sett produsert av lokale råvarer.
Mange av produkta er økologiske, og det blir nytta reine råvarer utan tilsetjingsstoff.
Det er også viktig å hugse på at måltidet er ein sosial aktivitet.
Både kvardagsmåltidet og festmiddagen samlar folk til samtale og hyggeleg samvær.
Hallingkost vil gje folk opplevingar med mat som dei berre kan få i Hallingdal.
Hallingkost BA har sidan 2002 bygd opp ein nettverksorganisasjon med over 60 medlemer.
Hallingkost BA skal bidra til betre verdiskaping for deleigarane, gjera den lokalproduserte maten synleg og
styrke Hallingdal som reiselivsregion. Hallingkost BA vil arbeide i grensesnittet mellom landbruk og reiseliv. Eit aktivt og levande landbruk er grunnlaget for framtidas reiseliv.
Hallingkost vil vere med å legge til rette slik at du kan oppleve alt det fantastiske som blir produsert og servert i dalen vår.
Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.
Intern:1937