Opnar Noregs første opplevingsysteri og mikrobryggeri


Oppdatertdato: 2013-07-15 Tema: Tradisjoner Forfatter: Utgiver: Matoppskrift.no Først Utgitt: Fotograf: Beito Ysteri, Rune A Karlsen


Fredag den 21.06.2013 opnet Beito Ysteri Noregs første opplevingsysteri. Der kan publikum på nært hald følgje heile ystingsprosessen frå mjølkeleveranse til ferdige ostar og andre meieriprodukt. Prosjektet er innvilga vekstfinansiering frå Innovasjon Noreg.

Les meir på heimesida til Beito ysteri

- Auka etterspurnad gjer at vi no tek nokre grep for å auke tilgjengelegheita og innsynet i prosessane kring osteproduksjonen. På opplevingsysteriet kan publikum sjølve sjå at ostane er av høg kvalitet, og at dei er produsert etter prinsippet om kortreist mat, seier styreleiar og dagleg leiar Trond Wahlstrøm.

Til sals i heile landet

Beito Ysteri sel produkta sine i utvalte kvalitetsbutikkar i Oslo og austlandsområdet, samt på ulike festivalar og mattorg gjennom heile året. I samarbeid med fleire produsentar frå Valdres har dei også etablert utsalet Smak Av Valdres på Mathallen i Oslo.

På ysteriet kan ein prøvesmake lokale ostar og drikke, samt kjøpe kortreist kvalitetsmat frå Valdres i butikken i same lokale. I høgsesongane er det også eit utandørs mattorg.

Eige øl av myse

Som det første ysteriet i Norge, skal Beito Ysteri også starte brygging av eige øl. Beitoøl er basert på mysen frå osteproduksjonen, og blir brygga i to sortar til konsum i lokala. Heile prosessen skjer på ysteriet, og vil vere godt synleg for publikum.

Innovasjon Noreg støttar

Beito Ysteri er også innvilga 1.000.000 kroner i vekstfinansiering gjennom Lokalmatprogrammet til Innovasjon Noreg.

- Vi er veldig takknemlege for vekstfinansieringa som kjem godt med, seier Wahlstrøm.
Ysteriet har no ni tilsette og frå hausten 2013 aukar talet til ti. Omsetninga i år vil ende på noko under ni millionar kroner. I 2014 budsjetterast omsetninga til cirka 14 millionar.

Annonse












Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2684
Slanking.Kjøttdeig.
Produkttester.

Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.