
Dei store strevar med å finne nok kundar, dei små strevar med å produsere nok til kundane. Så ulik er kvardagen for produsentar av norsk økologisk mjøl.
Salet av økologisk mjøl har gått ned her i landet dei siste åra. Sals- og marknadssjef Jan Erik Eikeland i Norgesmøllene slår fast at forbrukarane heller kjøper noko anna.
- Vi er avhengige av at det finst ein etterspørsel. Når økologisk mjøl blir ståande i butikkhyllene til det går ut på dato, blir desse produkta tatt ut av sortimentet til daglegvarekjedene.
Trygve Nesje ved Holli Mølle i Spydeberg opplever det stikk motsette:
- Vi er veldig, veldig fornøgde. Det strømmer på med nye kundar heile tida. Vi har nærmast opplevd ein eksplosjon det siste halvåret.
Kontakt med kunden
Korfor er situasjonane så ulike? Trygve Nesje peikar på at Holli Mølle er ein liten produsent, og kan satse på grundig oppfølging av kundane.
- Vi er veldig bevisst på at vi må jobbe direkte med marknaden og kundane heile tida. Vi snakkar med dei, gir stadig informasjon. Dei blir kjent med oss, og vi med dei. Holli Mølle vart etablert hausten 2007, og det tar nokre år å innarbeide seg. Det ser ut til at denne langsiktige jobbinga slår inn no.
Holli Mølle produserer mellom 500 og 750 tonn mjøl i året, noko av dette av gamle kornsortar som emmer og spelt. Mølla leverer blant anna til helsekostkjeder, ulike butikkar og daglegvarekjeder.
«Godt norsk»
Trygve Nesje og Jan Erik Eikeland deler synspunkt på korfor det samla salet av økologisk mjøl går ned.
- Ein del av forklaringa på den låge etterspørselen er nok at mange forbrukarar oppfattar dei vanlege mjølprodukta våre som «naturlege», produsert av naturlege råvarer. Norsk landbruk har eit reint rykte, meiner Eikeland.
- I Danmark og Sverige er omsetninga av økologiske matvarer langt større enn hos oss. Der har dei også hatt skandalar knytt til landbruket, som forureining av grunnvatnet. Det har vi ikkje hatt her; det konvensjonelle landbruket har godt ord på seg, seier Nesje.
Økologisk framtid?
I dag produserer Norgesmøllene tre økologiske variantar: sikta kveitemjøl, grovt sammalt kveitemjøl og bakeblandinga økologisk kornbrød. Jan Erik Eikeland seier at Norgesmøllene for tida ikkje har planar om nye marknadsframstøt for økologisk mjøl.
- Men dersom det viser seg at det er aukande interesse for desse varene frå forbrukarane, vil vi sjølvsagt følgje opp.
Trygve Nesje, som er både møllar og kornbonde, har tru på at den positive utviklinga vil fortsette for Holli Mølle.
- Etter den dårlege sesongen i fjor, måtte vi nærmast støvsuge marknaden for å skaffe nok økologisk korn frå Østlandet. No arbeider vi med nye tilbod, blant anna i samarbeid med bakeri.
Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.
Intern:2420