Testar nye klimarobuste eplesortar


Oppdatertdato: 2013-11-07 Tema: Frukt Forfatter: Utgiver: Matoppskrift.no Først Utgitt: Fotograf: Kerstin Mertens/Samfoto


Mange av dei norske eplesortane har sitt opphav heilt andre stader i verda. Det nordlige klimaet krev robuste frukter. Vegen til Noreg er difor lang. Tips en bekjent!
Det tek om lag sju år å kvalitetssikre ei ny sort for den norske marknaden.

Les hjeile saka på Forskning.no

Bioforsk Aust Ullensvang testar nye eplesortar for det norske foredlingsselskapet Graminor samt utanlandske foredlingsprogram. For tida har dei 80 sortar til utprøving i fruktbygda Lofthus i Hardanger.

Ingen heilnorske sortar

Det finst ingen genetisk heilnorske sortar som vert dyrka i større format i Noreg i dag, men sortane kjem frå nordlege strøk.

- Vi har ein kort vekstsesong, det vil seie at me får lågare produksjon, og må bruke eigne sortar som er tilpassa klimaet vårt, seier seniorforskar Mekjell Meland ved Bioforsk Aust Ullensvang.
Meland fortel kor dei vanlege "norske" sortane kjem frå.

- Aroma er svensk, Summerred er kanadisk og Discovery kjem frå england. Julyred og Vistabella er amerikanske, mens Gravenstein er dansk.

Nordlige kvalitetskrav

Det er mykje som skal stemme før ein sort vert godkjend for den norske marknaden.

- Dei må gje god kvalitet og stor avling kvart år, og vêre sterke mot skadegjerarar. Og så må dei ulike sortane mogne på litt forskjellege tidspunkt, innanfor den korte vekstsesongen vi har, seier Meland.
Epla må og vêre robuste og tåle noko røff behandling under transport, lagring og sortering. Etter hausting av dei ulike sortane i feltforsøka vert fruktene lagra og analyserte. Då sjekkast ytre og indre fruktkvalitet, som dekk- og grunnfarge, stive, fastleik, sukker og syreinnhald.

Annonse












Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.


Intern:2788



Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.