
Full fart i norsk tomatproduksjon skriv norsk gartnerforbund på nettsida. Produksjonen er godt i gang etter ein forsiktig start på grunn av solfattige mars og april månader. Over 85 prosent av produserte tomatar i Noreg kjem frå Rogaland, og over 40 prosent av dei kjem frå øysamfunnet Finnøy.
Tomatkommunen Finnøy, som omfattar 16 øyar, har i mange år arrangert tomatfestival kor det kjem besøkande frå nær og fjern til kulinariske og sportslege aktivitetar.
Kvar nordmann et nærmare 7 kg tomatar kvart år, og det har nordmenn godt av. Tomatar er rik på A- og C-vitamin samt antioksidant lykopen som kan ha ein førebyggjande verknad mot hjartelidingar og kreft. I dei siste 10 åra har etterspurnad etter spesialtomatar som cherry- eller perletomatar auka mykje og utgjer no den største delen av tomatsalet. Hovudsesongen for tomat er frå medio april til slutten av oktober. Nokre produsentar trassar kulda og produserer sjølv midt på vinteren.
Likevel er det mykje import, spesielt i det mørke halvåret, men også året rundt. I 2011 blei det importert nærmare 24 000 tonn tomatar til Noreg. Det er meir enn dobbelt så mye som det blir produsert i landet. Heile den norske produksjonen var i 2011 på rundt 10 400 tonn.
Økologisk
I Rogaland blir det kvart år produsert om lag 13 tonn økologiske cherrytomatar. Dei økologiske tomatane blir pakka på garden på Rennesøy og transportert til Coop sitt sentrallager i Stavanger for sør- og vestlandet. Økologiske tomatplanter veks i torvmatter og blir gjødsla med organisk gjødsel. Største utfordringa er varierande kvalitet i oppaljord og i torvmatter. Tilføring av gjødsel og vatn krev anna kunnskap og erfaring enn i konvensjonell produksjon. Ved bruk av torvmatter krev omlegging til økologisk ingen karens.
Sårbar produksjon
Kor sårbart veksthusproduksjonen kan vere, måtte ein produsent i Rogaland nyleg erfare. Det blei påvist eit uvanleg virus (Pepinomosaikk virus) for første gang i Noreg. Fleire dekar med tomatplantar måtte rivast ut, og veksthuset må vere fritt for plantemateriale og dyrkingsmedium i minst 3 veker. Det vil bli gitt erstatning, men det blir likevel eit stort økonomisk tap for produsenten.
Og når tomatene er i hus, lager man Gazpacho:
4 porsjoner
1 stk sjalottløk, grovhakket
2 stk paprikaer, grovhakket
3 stk tomater, grovhakket
1 dl olivenolje
1 ss tomatpuré
2 fedd hvitløk finhakket
0,5 stk chili, hakket
0,5 stk squash i biter
2 dl hvitvin, tørr
1 liten boks tomater, hakkede
frisk basilikum
Salt og pepper
Fres løk, paprika og tomater i olje, ha på tomatpuré, hvitløk, chili og squash. La alt frese litt videre. Tilsett hvitvin og kok opp. Tilsett tomater fra boksen, og kok opp på nytt. Kjør alt sammen med basilikum i foodprocessor til fin puré. Sil puréen så den får silkemyk konsistens. Smak til med salt og pepper.
Avkjøl suppen til den er iskald, og server i suppeboller, gjerne med litt melkeskum i med friske urter f eks finhakket basilikum i.
(Oppskrift og bilde fra kokeboken "Mat og Vin" fra Gyldendal)
Næringsinnholdet er pr 100 gram:
Kcal 90,49 Kcal
Protein 0,93 gram
Fett 7,01 gram
Karbohydrater 2,98 gram
Legg inn kommentar eller trykk liker på denne artikkelen.
Intern:2459