Horrkaker



Ingredienser

4 porsjoner

1 kg malen fisk (harr)
4 ts salt
1/2 ts pepar
1 ts knust rosmarin eller muskat
3 ss potetmjøl
1 egg
1/2 l mjølk




Fremgangsmåte:

Flå fisken og skjer filetane frå ryggbeinet. Mal fiskekjøttet ein gong.
Rør i potetmjøl, salt, krydder og egg og spe forsiktig med mjølka. Legg kaker med skei i varm panne med smør i, og steik dei pent brune.
Server med poteter, råe grønsaker eller grønsakstuing attåt.

Kakene blir også fine av horr som har vore i frysaren, og dei ferdige kakene er fine å fryse. Dersom ein ynskjer kan ein mala ein lauk saman med fiskekjøttet.

Feit horr frå fjellvatna er ein delikatesse. Kjøttet er kvitt og har ein svak smak av timian. Horr kan ein steikje og koke som aure. Mange tykkjer at horr smakar best steikt, og flår han gjerne føre steiking. Stor horr blir det gode fiskekaker av.

Har du prøvd oppskriften? Sett karakter

1 2 3 4 5 6



Mer info

Forfatter:
Kilde: Matoppskrift.no
(Intern: 13839)
Kategori: Stekepanne
Land: Norge
Fylke: Oppland
Nasjonal/tradisjonsrett
Innlagt dato:2003-05-21
Oppdatert dato:2003-05-21





VÃ¥re partnere

Brodogkorn.no MasalaMagic Melk.no

Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.