Ingredienser
Innmat av sau:
hjarta
tunge nyro
litt av lungene
litt av magesekken
vålenden (matrøyret)
mellomgarden (hinna mellom magen og hjarta m. m.)
feiteristing (endetarmen og oppover)
sauetalg, riven i småbitar, ikkje malen
Krydder:
salt
pepar
allehånde
Fremgangsmåte:
Mal berre ein gong. Elt saman med krydder, etter smak og behag. Mårr deigen på kjøtkvern inn i dyretarmar. Vask mårpølsene i sterkt saltvatn. Heng dei så opp på ei stong, slik at dei vert godt turre (2-3 dagar med litt varme). Heng dei deretter på stabburet eller ein annan kjølig stad. Etter ca. 8 dagar kan ein ta til å bruka av mårpølsene.
NB! Slik blanda dei før. No har dei i både kjøt og flesk (mest flesk).
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Har du prøvd oppskriften? Sett karakter
Mer info
Forfatter:
Knut Pettersen
Kilde:
Det norske Samlaget
(Intern: 18226)
Kategori:
Konservering
Land:
Norge
Fylke:
Sogn og Fjordan
Nasjonal/tradisjonsrett
Innlagt dato:2004-07-06
Oppdatert dato:2004-07-06