Råkåfisk frå Lesja



Ingredienser

aure, 300-500 g
grovsalt
sukker




Fremgangsmåte:

Aure på 300-500 g er fin størrelse. Ta ut blodranda og vask fisken godt med ein gong han er fiska. Han må ikkje koma i kontakt med jord.

Slik legg du fisken: Skyl fisken, men tørk han ikkje. Ein kan ta av hovudet eller la det vera på. Veg fisken og bruk ca 5 % salt av fiskevekta. Bruk grovsalt.
Til 10 kg fisk 2 ts sukker. Bland sukkeret med ca 1/3 av saltet og gni dette i buken på fisken. Gni resten av saltet utapå fisken og strø det mellom laga. Legg fisken omskjerves tett i tett med buken opp i eit høveleg kar.
Legg eit lokk på fisken og lett press, 3-4 kg, oppå lokket. Ein reinvaska, og helst kokt stein er mykje brukt.

Dekk til med eit reint klede. Pass elles på at alt du brukar er reint. La butten stå ved 10-15 grader. Etter eit døgn ved denne temperaturen har det danna seg lake i butten. Hell på meir dersom det trengst. Laken bør stå godt over fisken. Set på butten i kjølerom eller kjellar. Høveleg temperatur er 6 grader. Kontroller av og til om laken står over fisken. Etter 8-10 veker er rakfisken ferdig.

Har du prøvd oppskriften? Sett karakter

1 2 3 4 5 6



Mer info

Forfatter:
Kilde: Matoppskrift.no
(Intern: 13841)
Kategori: Røkt/gravet/saltet
Land: Norge
Fylke: Oppland
Nasjonal/tradisjonsrett
Innlagt dato:2003-05-21
Oppdatert dato:2003-05-21


Legg inn kommentar eller trykk liker på denne oppskriften.
PS: Om du oppdager feil på oppskriften, send meg heller en mail.






Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.