Graut
1/2 dl saft eller konsentrert juice
1 1/2 dl kaldt vatn
1 ms potetmjøl
Suppe
1/2 dl saft eller konsentrert juice
2 dl kaldt vatn
2 ts potetmjøl
Fremgangsmåte:
1 Bland saft (eller konsentrert juice), vatn og potetmjøl i ein kasserolle.
2 Rør om med ein tregaffel.
3 Kok opp blandinga. Rør heile tida!
4 Avkjøl grauten (suppa).
5 Legg eventuelt i frukt som er skoren i skiver, eller 1 dl bær.
I staden for konsentrert juice og vatn kan du bruke 2 1/2-3 dl ferdig utblanda juice.
Slik avkjøler du grauten (suppa):
Set kasserollen i kaldt vatn. La lokket liggje på, elles blir det snerk på grauten (suppa). Om du vil ha raskare avkjøling, kan du strø på 1 ts sukker og la kasserollen stå utan lokk.