Oppskriften har fått 3 poeng fra 1 lesere Lesere: 3589 totalt.
Annonse
Ingredienser
Klikk på ingrediensen for mer info og fler oppskrifter med ingrediensen.
Fremgangsmåte:
Bland saman saup og mjølk og rør i mjøl medan det er kaldt. Ha i rosiner. Kok opp og la suppa koka ca. 5 min. Ha i sukker. Til finbruk kunne ein ha i 11/2 dl fløyte, lett vispa opp. Suppa skal serverast varm.
Saupsuppe vart ofte bruka attåt salt mat.
Kanskje var det meir vanleg før med suppe attåt hovudretten også til kvardags enn det er no. Kanskje for å «spe på» hovudretten, som ein då kunne ha litt mindre av. Til søndag vart det gjerne bruka frukt- og saftsuppe. Dessert var mindre vanleg.
Ofte hadde dei faste supper til dei ulike rettane, til dømes saupsuppe til steikt flesk og sild, risengrynsuppe til kokt fisk og liknande.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget